Renate (31) bad Finn.no om hjelp til å feire jul. No reddar ho jula for andre.

Rekordmange foreldre ber om hjelp på Finn.no i år for å gi ungane sine ei god jul.

Publisert:

Natt til 1. desember ligg Renate Aralden Håvåg på alle fire på stovegolvet og sorterer julemat og julegåver. Ho er uroleg. Så mange har bede om hjelp til å kome seg gjennom jula i år, tenk om det ikkje blir nok til alle?

Klokka 00.54 tikkar endå ei melding inn på mobilen frå ukjent nummer.

«Hei. Snart jul igjen og eg gruer meg. Eg veit at vi, sonen min og eg, ikkje kan feire jul på grunn av dårleg råd», skriv ei aleinemor i Sunnfjord.

«Kan eg be deg fint om hjelp? Eg synest det er flaut, men eg er fortvila.»

Rekordmange personar har kontakta «Foreningen Jul for alle Sogn og Fjordane» i år. Frå Selje i vest, Luster i aust, Stryn i nord og Gulen i sør ber foreldre om hjelp til å gi ungane sine ei fin julefeiring.

Kvinna som sende melding midt på natta, er den 91. i køen – nær dobbelt så mange som for berre tre år sidan.

– Fleire og fleire kjenner til oss, og pågangen er enorm. Mange kvir seg veldig for å ta kontakt, men alternativet er verre: At ungane verken får julemiddag eller gåver, seier Håvåg.

Ho veit korleis dei har det. Ho har vore der sjølv.

SØKER HJELP: «Skriver dette med stor ydmykhet ... Er så lei meg over at jeg ikke klarer ordne julefeiring til min familie.» Faksimile frå Finn.no, desember 2019.

Di nærare jula kom, dess større vart klumpen i magen. Håvåg var gravid med sitt andre barn. Ho hadde ekstrem svangerskapskvalme og var til tider innlagt på sjukehus. Mannen måtte vere heime og ta seg av henne og den eldste sonen. I desember 2015 nådde familieøkonomien eit botnpunkt.

– Eg gjekk på arbeidsavklaringspengar, og vi hadde 12.000 kroner å leve for i månaden. På slutten av kvar månad måtte vi bruke kalkulator for å rekne ut kva vi hadde råd til å handle. Vi hadde mat på bordet, men det var ikkje rom for utskeielser som pengar til julemat eller gåver. Det var fortvilande og sårt.

Håvåg kom til eit punkt der ho svelgde skamma, og gjorde noko ho syntest var flaut, veldig flaut.

Ho hadde sett ein Finn.no-annonse som var delt på Facebook. Ein aleinefar bad om hjelp til å lage jul for barnet sitt.

– Han var ein av dei aller første som bad om hjelp på denne måten. Eg bestemte meg for å gjere det same, sjølv kor skamfullt det var å be ukjende om hjelp, fortel Håvåg.

Familien bur i Stongfjorden i Askvoll kommune. Ingen i nabogrendene måtte få vite. I annonsen skifta Håvåg postnummer til Bergen for ikkje å bli kjent att. Ho skreiv at familien ikkje hadde råd til anna enn faste utgifter og mat på bordet i jula, og at dei ville bli glade om nokon kunne hjelpe med julemat eller gåver. Så la Håvåg annonsen ut på Finn.no.

Kort tid etter fekk ho svar frå ein ukjent.

ADVENT: Nissen på post framfor familiebiletet frå 2016.

Å be om hjelp på Finn.no til å feire jul var eit nytt fenomen i 2015. Slik sett var både aleinefaren og Håvåg for pionerar å rekne. Sidan er det blitt mindre og mindre tabu.

Mellom 2016 og 2018 brukte over 600 nordmenn Finn.no til å be om hjelp eller tilby hjelp til jul. No har pågangen blitt så stor at marknadsplassen i år har innført to nye kategoriar: «Hjelp til jul» og «Tilby hjelp til jul».

– Vi vil gjere det enklare og lettare å finne fram for folk, forklarar Kristine Eia Kirkholm, pr- og informasjonssjef i Finn.no. Selskapet er del av Schibsted, som også eig Bergens Tidende.

Så langt i førjulstida har Finn.no fått inn annonsar frå over 460 personar som ber om hjelp, og frå over 100 som tilbyr seg å hjelpe.

– Mange synest det er trist å måtte gå til eit slikt skritt, men jula er ei tid der forskjellane blir veldig tydelege. Eg synest det er rørande at folk som treng hjelp og hjelparar kan møtast på Finn.no, seier Kirkholm.

– Kva er risikoen for å bli lurt?

– Vi baserer oss på tillit, og det er frivillig å tilby hjelp. Finn.no kjenner identiteten til dei som annonserer, og mange tilbyr seg å legge ut bankutskrifter. Vi har også eit sikkerheitsteam som følgjer med, og får vi rapportar om misbruk, blir annonsen stoppa.

SØKER HJELP: «Jeg er alenemor med 3 barn ... som gruer meg til jul.» Faksimile frå Finn.no, desember 2019.

«Så hvem er jeg? Jeg er alenefar med en datter. På grunn av sykdom har jeg i flere år vært uføretrygdet. Økonomisk lever vi fra dag til dag hele året igjen om, og her teller hver eneste krone».

BTMagasinet har snakka med eit titals personar som ber om hjelp til jul på Finn.no. Ein av dei er ein aleinefar, som annonserer for andre år på rad:

«... nå nærmer julen seg veldig fort, og siden pengene ikke en gang strekker til i hverdagene, finnes det ingenting til julefeiring. Så derfor håper jeg noen har lyst til å hjelpe meg, slik at datteren min kan få en fin jul. Jeg ber ikke om verken Iphone 11 eller andre dyre ting. Men en julemiddag og kanskje en gave eller to til datteren min?»

Aleinepappaen, som er i slutten av 30-åra, er skilt og bur i ein nabokommune til Bergen. Han ber om å vere anonym av omsyn til dottera.

– Det er ikkje sosialt akseptert å være fattig i verdas rikaste land, seier han.

HJELP TIL JUL: Aleinefaren frå ein nabokommune til Bergen har annonsert på Finn.no for andre året på rad og fått fleire hundre meldingar.

Han vaks opp i ein vanleg arbeidarklasseheim i Bergen, fortel han, begge foreldra var i jobb. Som ung tok han utdanning og fekk fast jobb. Framtida såg lys ut – heilt han vart sjuk og privatøkonomien kollapsa.

I dag lever han og tenåringsdottera på 15.000 kroner i månaden. Når faste utgifter er betalte, er det lite igjen, og lite skal til for å velte lasset. No i desember er aleinefaren to månader på etterskot med straumrekninga.

Far og dotter går med ytterjakker inne for å spare på straumen. Dei har ikkje vaskemaskin, reiser aldri på ferie.

– Vi har mat på bordet og vatn i springen, men for oss handlar det mykje om det psykososiale. Venninnene dreg på shopping, dottera mi har ikkje ein gong råd til bussbilletten. Hennar største ønske til jul er ein rosa eller kvit Macbook, men det er heilt urealistisk, seier aleinefaren.

Responsen på fjorårets korte annonse var laber. I år skreiv han ein lenger, meir personleg tekst. Ved inngangen til desember hadde annonsen hatt 22.700 visningar og blitt lagra av 639 personar.

– Eg har fått fleire hundre meldingar. Veldig mange vil gi klede, andre vil overføre 100 eller 350 kroner. Mange gir gåvekort på matbutikkar, fortel han.

– I tillegg har eg fått rundt 15–20 dritmeldingar. «Kom deg i jobb», «jævla utlending», «se på TV hva fattigdom er, du er ikke fattig.» Ein kalla meg «jævla tigger», ein annan skreiv at barnevernet burde vore kopla inn.

Han tilbyr seg å dokumentere sin økonomiske situasjon til folk som kontaktar han.

– Dei som vil hjelpe, er fantastiske, men ofte litt nervøse, og overleveringa er litt vanskeleg for begge partar. Mange sender melding i ettertid og beklagar at dei var rare eller kalde. Dei visste ikkje kva dei skulle seie.

I fjor kom to damer på døra til aleinefaren med klede. Han hadde bede dei om å være diskrete, men då dottera kom til døra, sa den eine dama: «No skal du og pappa få hjelp til jul».

Dottera veit ingenting om Finn.no-annonsane. Far vil ikkje at ho skal føle at familien tiggar. Men han kvir seg ikkje til 24. desember lengre, og mykje tyder på at jula varer heilt til påske i år.

– Eit ektepar har sagt at dei ikkje berre vil hjelpe til jul, men fram til påske, og den gamle banken min har gitt oss ei gratis ferieveke med overnatting og full pensjon!

GÅVER TIL UTDELING: «Siden jeg selv har opplevd (for noen år siden) hvordan juletiden med svært lite penger kan føles, både for mamma og barn, har jeg tenkt å gi bort en gave.» Faksimile frå Finn.no, desember 2019.

Å be familie eller vener om hjelp til å feire jul, kan opplevast som nedverdigande. På Finn.no og sosiale medium kan du vere anonym, og samtidig nå ut til folk som har vil hjelpe.

– Dette er ein trend også internasjonalt, seier Hilde Danielsen, fattigdomsforskar ved Norce.

I eit land med få fattige opplever mange det som skamfullt å vere nettopp det. Blant fattige forskaren har intervjua, har ho sett begge ytterpunkt for å søkje hjelp:

Dei som hevar seg over skamma og tek imot det dei kan få for barna si skuld, og dei som ikkje vil ta imot noko. Dei vil klare seg med det vesle dei har.

– Eg intervjua ein far som hadde begynt å grue seg til jul i oktober. Jula minna han om hans eigen oppvekst, der han år etter år håpa å få oppleve ei slik jul han forstod andre hadde, med god mat og pakkar. No var han uroleg for kva jul han sjølv ville vere i stand til å gi ungane sine.

«Hei, er ikke den rikeste her på jorden når det gjelder penger. Men som så mange år før ønsker eg også i år og kunne hjelpe et par familier som strever med å få endene til å møtes i julen.»

Også i år tilbyr Tonje Finsås frå Bergen, busett i Hurdal, seg å hjelpe barnefamiliar på Finn.no. Ho jobbar som aktivitør på eit privat psykiatrisk sjukehus, og gav bort 25.000-30.000 kroner av eigne lommepengar i fjor.

– Eg har alltid hatt ei fin jul sjølv, med mykje gåver og god mat. Jula er til for barna. Eg vil ikkje at familiar ikkje skal ha gåver å opne og julemat å ete, og får vondt langt inn i hjarta når alt folk ønskjer seg er ei strømpebukse til dottera, forklarer Finsås.

– Du er ikkje redd for å bli utnytta?

– Eg er litt skeptisk og les mellom linjene. Eg trur eg er flink til å vurdere svara eg får. Når folk ber om dyre gåver som elsykkel eller PS4, får dei nei hos meg. Når folk har reelle behov, får eg sjølv ei betre jul av å glede andre. Og om eg sjølv treng hjelp i framtida, vil eg ha godt samvit for å be om hjelp, fordi eg veit at eg har hjelpt mange.

DUGNAD: Heile familien i arbeid i Stongfjorden. Frå v. Thomas Karlsen, Sabrina Aralden, Ramona Aralden og Renate Aralden Håvåg. Lucas (1) observerer frå kjøkkenbordet.

Leiker, strømpebukser, raudkål, peparkaker, teiknesaker og pinnekjøt. Urøykt, sjølvsagt, dette er Sunnfjord. Den julepynta stova i Stongfjorden minnar mest om ein nisseverkstad.

Fire vaksne pakkar og sorterer julemat og julegåver til ukjende barnefamiliar. Fleire tusen meter julepapir ligg i store rullar på golvet.

– Her er ei gåve til «Gut, 3 år», seier far i huset, Thomas Karlsen, og held opp ein pakke.

– Den skal dit, seier kona Renate Aralden Håvåg og peikar på ei av dei svære pappøskjene på golvet.

Dei små sønene spring rundt i nissedrakter, og ved kjøkkenbordet står mor hennar og fordeler 80 kilo smågodt i fargerike posar til barn over heile Sogn og Fjordane.

– Eg likar å nisse, eg, seier Ramona Aralden.

– Ho er den største nissaren av oss alle, seier dottera og må le midt i julestresset.

– Kvart år er eg bekymra for at vi ikkje har nok, at vi ikkje klarar å hjelpe alle, men som regel får vi det til med eit naudskrik i siste liten.

FULL INNSATS: Ramona Aralden og svigersonen Thomas Karlsen sorterer 80 kilo julegodt til barn i Sogn og Fjordane.

Den ukjende mannen som kontakta Håvåg då ho bad om hjelp på Finn.no i 2015, gav familien i Stongfjorden 2000 kroner.

– Eg spurte om vi kunne gjere noko for han. Då fortalde mannen at også han hadde fått hjelp på eit tidspunkt i livet då han hadde hatt det vanskeleg. Han bad oss om å hjelpe nokon andre når vi kom ovanpå igjen.

Alt året etter tok Håvåg og familien sin ukjende hjelpar på ordet. Dei kjøpte inn eit trettitals julegåver, som dei delte ut privat. Raskt gjekk det opp for dei at det på langt nær var nok.

– Etterspurnaden var større enn vi hadde gåver til, og vi innsåg kjapt at desse heller ikkje hadde råd til julemat eller julesnop. Då bad vi om hjelp til å hjelpe.

SNART JUL: Både små og store nissar er i sving i Stongfjorden, mellom dei er Nikolai og Alexander Håvåg Karlsen.

Pågangen var så stor. Snart var «Foreningen Jul for alle Sogn og Fjordane» registrert i Brønnøysundregistera.

For å få hjelp av denne gjengen må du ha ungar under 18 år, vere busett i Sogn og Fjordane og ikkje ha råd til å lage til jul sjølv. I 2016 fekk 53 familiar hjelp. Sidan har det berre balla på seg.

I år er talet oppe i 103 familiar.

– Det er kjekt å halde på med, men mykje stress dei siste månadene før jul. Kona sit i telefonen heile tida og er vanskeleg å få kontakt med, så 1. desember seier eg «snakkast til jul», seier Thomas Karlsen og skrattar.

KAFFIPAUSE: Renate Aralden Håvåg tar ein pust i pakkejobben saman med sonen Lucas (1).

«Hjelp til jul» er dugnadsarbeid. På fleire butikkar i fylket står handlevogner, der kundane kan putte oppi ein pose kaffi, litt julesnop eller ei gåve.

Under juletreet på biblioteket i Førde og på hotellet i Sogndal kan folk legge frå seg gåver, nye eller fint brukte. Ei sparebankstifting har gått inn med 90.000 kroner i år til «Hjelp til jul», nokre matbutikkar har gitt 36 julemiddagar.

– Ingen kan hjelpe alle, men saman kan vi hjelpe mange, seier Håvåg.

For mange barnefamiliar i Sogn og Fjordane kjem jula i ei pappøskje frå Stongfjorden.

Så blir det jul i år og.

Publisert: