Han ligg litt etter skjema, men reddar seg på rein rutine. I fart festar Bjørn Magne Hansen prestesnippen under haka og tek snarvegen opp baktrappa med Bibelen i handa. Han heng jakka og silkeskjerfet på dørklinka.

Innanfor ventar tolv tilårskomne soknebarn. Presten handhelsar på alle, før han ønskjer velkomen til andakt på Solundheimen, slik han har gjort kvar veke i snart tjue år.