I meir enn ti år har Hege Cecilie Nordeide jobba i Noregs viktigaste næring, olja. Den som har gitt oss velstanden og velferden vår, pengar og privilegiar, armslag og fridom, men også makt, påverknadskraft og globalt ansvar.

Ho kjenner at ho skulle vera stolt over det, og når ho ser forbi alle dei negative ytringane, er det det ho er. Likevel er det ikkje noko ho kringkastar med jubel og fanfare. Langt lettare er det å fortelja omverda at ho no, i friperiodane sine, studerer klima ved Høgskulen i Sogndal.