«Uvêr? Nja, det er ikkje noko å skrive heim om.»

Bergensarane sto ikkje først i køen då Gud delte ut evna til å underdrive. Her er ei kort innføring i korleis ein snakkar nøkternt.

Publisert: Publisert:

Bergen er ein by full av ropertar. Alt skal utbasunerast for fulle lunger. Ingenting blir lagt mellom. Ting er anten drit eller dritbra.

Berre eit par timar lenger sør vaks eg opp. Der tar me det litt meir med ro. Me er ikkje mindre begeistra, eigentleg, me tar berre ut denne begeistringa i ein annan skala. Den strekker seg mellom ytterpunkta «dette var ikkje noko særleg» til «det var no ikkje så halvgale».

Ofte kan eg kjenne meg litt misforstått her i byen mellom dei sju fjell. Folk oppfattar meg som negativ og lite engasjert, berre fordi eg ikkje kastar meg med på dei store ovasjonane. Men det er ikkje alt som er «noko å skrive heim om» (sjå under).

Les også: Diagnose: Vestlending

Eg kjenner difor på behovet for litt forklaring og omsetjing av ymse ord og omgrep. Her er nøkternt, forklart for ropertar:

«Brukande»: Perfekt, evt. funkar som ei kule. Ord brukt om alt som går bra, fungerer perfekt eller ser fint ut. Døme: «Korleis er den nye bilen? Jo, den er brukande».

«Det har gått betre»: Det har skjedd ei katastrofe.

«Det var ikkje så toskje»: (av «toskete») Det var ekstremt lurt.

«Etande, dette»: Veldig godt. Ofte sagt undervegs i måltid, som eit komplement til vert/vertinne. Sjå og «Ikkje direkte usmak på dette».

«Greitt»: Bra, supert, fantastisk. Eit mykje nytta ord for å beskrive absolutt alt som ikkje er frykteleg ille. Tonefall er avgjerande. Uttalt i eit høgare stemmeleie bør det sjåast på som eit superlativ. Døme: «Det gjekk no greitt», altså at ting er gått heilt etter planen.

«Ikkje akkurat eit meisterverk»: Fullstendig mislykka, ser ikkje ut. Oftast brukt om ting ein har laga sjølv.

«Ikkje direkte usmak på dette»: Utruleg godt, beste eg har smakt. Brukt om mat og drikke, ofte tidleg i eit måltid, som eit komplement til verten eller vertinna. Sjå også «Etande, dette».

«Ikkje heilt god»: Riv ruskande galen, el. døden nær. Blir brukt anten om folk som ikkje er ved sine fulle fem, eller om folk som er skikkeleg sjuke. Sjå også «Ikkje heilt tam».

Les også: Jakta på bunadskroppen

«Ikkje heilt etter planen»: Ting har gått til h*$%&.

«Ikkje heilt tam»: Brukt om glade, fulle, sinte, raske eller på anna vis utagerande menneske. Til dømes: «Han var ikkje heilt tam då han kom på puben». Sjå og «Ikkje heilt god».

«Ikkje heilt tom mellom øyra»: Fantastisk smart og/eller flink. Ei av dei største komplementa ein kan få, særleg av svigerfar.

«Ikkje noko å skrive heim om»: Det er faktisk ganske ille, men det vil truleg gå over. Til dømes ved tilløp til flaum: «Jo, det er vått, men det er ikkje akkurat noko å skrive heim om».

«Ikkje så halvgale»: Fantastisk, verkeleg bra. Blir brukt om det meste, alt frå utsikta frå Fløyen til ein A på eksamen.

«Ikkje så galen»: Sjukt fin. Oftast brukt om bra damer. Må for all del ikkje forvekslast med «Ikkje god».

Publisert: