Du hugsar vel vinteren? Det er berre nokre månader sidan. BT-fotograf Rune Sævig skildra snømengdene i Myrkdalen. Han tok eit fantastisk bilde der vi alle kunne sjå korleis brøytemannen forsvann mellom dei snødekte hyttene med høge, kvite hattar. Mengder med snø overalt og umogeleg å bli kvitt det han måkte.

Bildet var ein dokumentasjon av vinteren 2018 med snørekord, kulderekord, straumrekord, vedrekord og veldig godt skiføre. Ellevill vinter, men likefullt lengta og draumde vi. Om late dagar i shorts og sandalar, om mildt vêr, kanskje ein middag på terrassen, eit bad og litt grilling, om vi var heldige. Sånne ting. Slikt vi ser for oss om vinteren og fantaserer om å få til sommaren.