Eit lite hovud er så vidt synleg inne i vogna. Astrid er berre to månader og ein av dei aller yngste innbyggarane i Granvin. No søv ho seg gjennom trilleturen i heimbygda.

Den ferske mora Tonje Såkvitne pakkar dyna godt rundt den vesle kroppen. Som ny forelder er det godt å bu i Granvin. Det har 26-åringen merka godt dei siste månadene.