Alt går i julegrisen

I dag er det ny sjanse til å dytte i deg 10.000 kaloriar. God jul!

Publisert Publisert

TO JULEGRISAR: Både marsipangris og ekte gris er juledelikatesser. Foto: Rune Sævik og NTB Scanpix

  • Ingvild Nave

Det gryntar i kjøkenskapet.

Det er marsipangrisen eg gøymte i går som ropar på meg.

«Et meg opp!» gryntar han.

Klokka er berre 09.30, men det får vere greitt. Livin’ la vida loca.

Eg kjenner meg som Ricky Martin medan eg et marsipan og pinnekjøt i pysjen. På fjernsynet har Kevin McAllister nok eit år blitt gløymt av dei udugelege foreldra sine.

Alt er som det skal vere.

Til dessert er det krumkaker, moltekrem og Sfinx-konfekt. Og endå er klokka berre 11.00.

For ein dag dette skal bli!

Heldigvis hadde eg omgangssjuke i desember, så det blei litt svinn i kiloa før høgtida. Det gir meg ekstra spelerom til å leve som ein greve.

Les også

Kvite kvinner som pushar 30

Klokka 12.00 er det på tide med frukost nummer to, ein tradisjon eg har plukka opp frå hobbitane i Ringenes Herre. Dei har forstått det.

På julaftan blir frukost to inntatt medan eg heiar på hesten Juracek og ugla Rozarka som forsøkjer å hjelpe Askepott med å sjarmere den tsjekkiske tights-prinsen og leve lukkeleg.

Ho får berre tre nøtter, stakkars.

Eg har ein heil pose eg sluker før middag. Eg får rett nok ingen ønskjer tildelt, men det går uansett ikkje an å ønskje seg noko betre enn å vere heime på Nave, sjå Askepott og ete nøtter.

Les også

Eg kastar ut ein brannfakkel: Hausten er betre enn sommaren

I jula lever eg på same kalorigrense som ein olympisk symjar, men slepp å symje ein meter.

Den mest vidgjetne symjardietten tilhøyrer Michael Phelps. Til OL i Beijing i 2008 åt han rundt 12.000 kaloriar kvar dag for å halde maskineriet i gang. Det er nesten verd ei medalje aleine.

Den einaste som har drive med symjing her i hus, er lutefisken vi skal ete til middag.

Treningsløypa mi går frå senga til sofaen til middagsbordet, med ein pitstop innom kjøleskapet.

Det blir ikkje tatt eit einaste steg rundt ei einebærbusk. Eg feirar at sola snur, men det er høgst usikkert om eg orkar å snu meg sjølv, med mindre det er eit kakefat bak meg.

Kakefatet hentar vi fram når vi kokar kaffi utpå ettermiddagen. Og slik går romjula – ei veke med kronisk buffé.

Les også

Du vil ikkje tru kva eg oppdaga på skallen min

Eg vel meg den heidenske versjonen av jul, og bryr meg lite om dødssynd nummer fem, «fråtseri».

Asketisk liv kan vente til januar, når eg har dårleg samvit og kjøper meg panisk treningsabonnement på Sats.

Først skal julematen nytast.

Som barn er det julepresangane som gjer at det kriblar i magen når du vaknar julaftan.

Som vaksen er det maten. Både fordi eg gler meg sånn til å ete den, men også fordi det kvar gong blir for mykje.

No håpar eg berre nyttårskjolen framleis passar.

God jul og godt nyttår!

Publisert

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Dette stedet får full pott av BTs matanmelder

  2. BT MAGASINET

    – Norge vil ikke gå tilbake til slik samfunnet var før

  3. BT MAGASINET

    Silikon-problemer, sa legene da hun fant en kul. Nå forbereder Waneska seg på å dø.

  4. BT MAGASINET

    Blåmandag på Roskilde-festivalen

  5. BT MAGASINET

    Han nekter å gi opp jakten. - Jeg fikk beskjed om at ulven har samme rett til å leve som meg.

  6. BT MAGASINET

    «Et skuffende sted»

  1. Gris
  2. Jul
  3. Ricky Martin

Mest debattert

  1. En stille vårdag gikk det opp for ham. - Jeg ble så trist at jeg begynte å gråte

  2. Nå har bystyret bestemt når de skal velge bybanetrasé

  3. Går Bjørn på rett side av Fjellveien her?

  4. – Denne gruppen bør betale mer skatt i koronakrisen