Tenn eit lys

Tenn eit lys for dei døde. Det hjelper ikkje dei. Men det hjelper kanskje deg.

  • Jan Nyberg
Publisert Publisert

Det finst ei tid for alvor. Det finst tid for skjemt. Det finst tid for å gråte. Det finst tid for å danse.

Julekvelden i fjor sat eg på ein hotellbalkong på Lanzarote og såg utover Atlanterhavet. Vinden frå Sahara hadde løya og den raude kveldssola velta seg i horisonten før den forsvann i synsranda. Frå eit av dei gamle vasstårna i byen spelte ein lokal trompetist sin klagande, melankolske serenade i julenatta, og vi kunne tenne våre lys. Det var like etter den avsindige terroren i Paris og det var godt å vere på ein stad fri for lyseslokkarar.

For mange år sidan var eg sjølv i Paris i jula. Det var kaldt, det var snø, det var vind og det var knapt folk i gatene på julekvelden. Så gjekk plutseleg straumen og byen var mørk som i ein sekk. Sidan vi var like utanfor Notre Dame, søkte vi ly i katedralen i håp om at straumen i gatelysa skulle kome tilbake. Der var det både messesong, varme og lys, og vi gjorde som dei andre innfødde; tende eit lys for å minnest, slik folk har gjort her sidan kyrkja vart bygd i 1163. Det gjorde godt, og ingen skal nokon gong skulde meg for å vere katolsk i hovudet.

Ei anna jul var vi i eit fiskevær ute mot Lopphavet. Bygda var ei av dei mange som vart jamna med jorda under nedbrenninga av Finnmark under krigen. 38 sjeler og inga kyrkje. Det fattigslege skulehuset gjorde nytta, og presten kom sjøvegen med det elektroniske orgelet under armen i snøkova. Så song vi «Nordnorsk Julesalme»:

Velsigna du dag over fjordan.
Velsigna du lys over land.
Velsigna de evige ordan
om håp og ei utstrakt hand.

Etterpå tende vi eit lys og gjekk heim under det blå nordlyset.

Blått som blues var også lyset i Den blå moskeen i Istanbul som vi ein gong gjekk til etter ein lang lunsj under Galata-brua ein annan julaftan. Det var før galskapen i dette vakraste land av dei vakre fekk fritt spelerom. Her hadde Sigurd Jorsalfare vore før oss og skribla på veggene. Også han hadde reist ut frå Bergen ein gong på 1100-talet.

Det finst ei tid for å elske. Det finst ei tid for å hate. Det finst ei tid for krig. Det finst ei tid for fred.

Tenn eit lys for dei døde. Men la tankane vere blant dei levande.

Publisert

Les også

  1. Zen og kunsten å leggje eit skifertak

    Når du ikkje har ein motorsykkel å vedlikehalde, kan du like godt leggje eit skifertak.
  1. Krig
  2. Lanzarote
  3. Finnmark
  4. Bergen
  5. Paris

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Sjefen holdt planene hemmelig i et halvt år. Så sa han opp 80 kollegaer.

  2. BT MAGASINET

    – Etter ei tid forstod eg at fotballen er viktig for meg

  3. BT MAGASINET

    800 meter inne i en tunnel skal de avsløre den neste smittebølgen

  4. BT MAGASINET

    Varsler gondol­bråk: – Jeg har ikke tenkt å bo under en slik bane

  5. BT MAGASINET

    Vil øke produksjonen i Hardanger: – Vi profitterer på klimaendringene

  6. BT MAGASINET

    Klimaministeren må til Vaksdal hvert år. Først da får han ro i sjelen.