Skiferien i Alpane enda med isolasjon på Landås. Vennegjengen var blant dei første koronasmitta i Bergen.

Brått sto 12 familiar frå Landås midt i korona-episenteret. Så blei viruset med heim til Bergen.

Landås-familiane i fjellmassivet Monte Rosa. Biletet er frå i fjor. I år var dei tilbake på same stad. 2020-ferien skil seg frå alle dei andre av éin grunn: Koronaviruset. Foto: Privat

  • Målfrid Bordvik
  • Bård Bøe (foto)
Publisert Publisert

Då reisefølgjet på 45 personar frå Landås forlét Bergen, hadde dei ikkje høyrt om tilfelle av korona i Italia.

Men medan dei ferierte i den vesle fjellandsbyen Alagna, lengst inne i ein dal i Nord-Italia, eksploderte talet på smitta frå tre til over 650 smitta i landet.

Mot slutten av ferieveka meldte Folkehelseinstituttet om smittetilfelle også i Piemonte-regionen, der familiane frå Landås oppheldt seg. Bettina Bødtker Nordahl las norske nettaviser.

– Vi blei litt bekymra, men tenkte at vi var trygge i fjellet, seier ho i dag.

Fram til då hadde ikkje korona vore eit tema i fjellandsbyen.

Knallsol og fellesskap. Slik samanfattar familiane årets ferie i Nord-Italia. Men om dei hadde visst konsekvensane, hadde dei ikkje dratt. Foto: Privat

  • Denne artikkelen er vekas utvaldte i appen BT Lytt. Høyr saka her:

For åttande år på rad ferierte dei 12 familiane saman i Alagna. Dei budde på same hotell, åt felles middag og levde saman som ein diger storfamilie.

Det var opp klokka sju og ut i skibakkane ein time seinare. Den faste guiden tok dei med på toppturar utanfor løypene.

Dei stappfulle skiheisane gjekk som før, sola skein, kafeane serverte og borgarmeisteren var i media og forsikra innbyggarar og turistar om at dei var i koronafri sone.

Utbrotet var lenger aust, nær Milano.

Reisefølgjet på 45 levde som ein storfamilie med felles måltid på turen. Foto: Privat

Dei siste feriedagane byrja Kari Seim Walle å hoste. Ho tenkte ikkje så mykje på det.

– På ein slik tur er det alltid nokon i gruppa som er forkjølt. Eg tenkte det var veldig lite sannsynleg at det var korona.

Nokre av damene på tur i fjellet. Kari Seim Walle (til v.) var blant dei første som blei sjuke. Foto: Privat

Fleire kjente likevel på ei uro. Dagen før avreise, samla familiane seg i hotellobbyen til eit møte.

Dei blei samde om å reise heim via Milano og Oslo som planlagt, men å gå rett i karantene.

Ingen tok taxi heim, men ordna med eigne bilar frå Flesland.

– Vi tenkte på korleis vi skulle unngå å gjere folk redde, og bestemte oss for at alle 45 skulle opptre som ei eining. Ingen skulle gå på jobb eller skule på måndag, seier Jørgen Nordahl, reiseleiar for vennegjengen.

Dette trass i at beskjeden frå Bergen kommune den gong var at elevar utan symptom skulle gå på skulen som vanleg.

Då reisefølgjet landa på Flesland, var det to dagar sidan BT rapporterte om den første koronapasienten i Bergen.

Dei komande dagane skulle det bli mange fleire.

– Planlegg dagen, ha faste rutinar og sørg for å ha noko å sjå fram til. Elles blir alt berre ei suppe, lyder råda frå familien som har lang erfaring med karantene. Frå venstre Vibeke Wang, Alma (10) og Bernt Omland.

I første omgang blei eitt medlem i kvar familie testa. Bernt Omland er «pasient null» i flokken, og blei koronapasient nummer åtte i Bergen.

– Eg pleier aldri å vere sjuk. No blei eg det, seier han.

Same dag fekk Kari og Bettina vite at dei også hadde koronaviruset i kroppen.

– Eg blei overraska. Hjernen min gjekk gjennom alle konsekvensane dette hadde, seier Kari.

På flyturen heim hadde Kari og sonen ete av same godtepose. Kasper testa negativt, det same gjorde dei tre andre barna i familien. Ektemannen Martin Gavlen deler same skjebne som Kari.

Kasper Birkeland, Kari Seim Walle, Martin Gavlen og Anine Nelly Birkeland held seg framleis i eller nær huset på Landås. Kari er framleis ikkje friskmeldt frå korona.

Kari hugsar den første veka etter heimkomsten som hektisk og kaotisk. Kven var smitta? Kven var ikkje smitta? Korleis blei dei smitta? Dei svarte på telefonar frå Legevakten og smitteoppsporarane i Bergen kommune, samt familie og vener som uroa seg for dei.

– Omgangskretsen vår blei sjokkert. Dei hadde høyrt om eit virus langt unna, i Kina. Men plutseleg hadde eit familiemedlem det, seier Kari.

Råda frå Folkehelseinstituttet og Bergen kommune endra seg frå formiddag til ettermiddag, og det var vanskeleg å henge med.

Etter kvart tikka det inn totalt 13 positive prøvesvar frå reisefølgjet. Fleire utvikla symptom etter at testinga var overstått. Andre gjekk heilt fri. Det har vore nær umogeleg å sjå eit mønster, anna enn at barna slapp lettare unna.

Den samansveisa flokken synest det er vittig at mannen i ein familie og kona i ein annan familie vart sjuke, medan ektefellane ikkje vart.

Jørgen Nordahl (til v.) er den einaste som testa negativt på korona i familien. Men han trur ikkje han kan ha unngått å bli smitta av kona Bettina Bødtker Nordahl og sonen Isak Nordahl (14).

Felles for alle familiane, var at dei sat i karantene. Dei merka at medieinteressa var stor. Gruppa vart samde om at Jørgen skulle uttale seg. Etter det første intervjuet ringde aviser frå heile landet.

Etter 100 oppkall slo han av telefonen.

I kommentarfeltet på sosiale medium las han om «uansvarlege handlingar» og «uansvarlege menneske» som burde visst betre enn å reise til Nord-Italia. Jørgen fekk også telefonar og e-postar frå personar som frykta smitte.

– Eg skjønte at mange var veldig redde, seier han.

I familien til Ingrid Thomassen (17) hadde ingen fått påvist korona, men dei følgde alle karantenereglar.

– Om vi blei sett utanfor husa våre, sjølv om det var riktig etter karantenereglane, fekk vi reaksjonar. Det blei eit gatepoliti som skulle passe på oss, seier Ingrid.

Ho gjekk turar med hunden i mørket for at ingen skulle sjå henne. Eit medlem av ein annan familie, som ikkje hadde vore i Italia, fekk også meldingar om at han hadde blitt observert på ein butikk og at dette kunne få konsekvensar.

– Det viser den spente og intense stemninga blant folk, seier Øyvind Thomassen.

– Angrar de på at de reiste?

– Vi vurderte aldri om vi skulle reise ned eller ikkje. På det tidspunktet var ikkje det eit aktuelt spørsmål i Norge. Det var først då vi kom ned at vi byrja å høyre om koronatilfelle i Italia. Hadde vi visst konsekvensane, ville vi sjølvsagt ikkje reist.

– Eg hadde gleda meg til å gå på skulen, men då kom beskjeden om at skulane skulle stengje, seier Ingrid Thomassen (17). Ho har hatt mykje tid saman med mor Liv Karin Lund Thomassen og far Øyvind Thomassen.

Fire veker etter heimreisa er dei fleste i reisefølgjet heilt friske. Det er lettare å dele meir. Fem familiar har latt seg intervjue til denne artikkelen.

– Norge står midt i ei krise med katastrofale konsekvensar. Samtidig vil vi vise at det går bra med dei aller fleste. Det er vi eit døme på, seier Bettina.

Både ho og sonen Isak testa positivt på korona. Isak hadde berre litt hoste. Bettina opplevde koronaviruset som ein «vanleg influensa» med feber og vondt i halsen.

– Mange barn og unge er redde. I vår gruppe er det ungdom som har hatt korona, og også det har gått bra. Det er fint å kunne bidra til håp når så mange er redde, seier ho.

Håvard, Tora, Ingrid og Hogne i familien Enge Drange har vore heime i fem veker. – Vi blei pålagt heimekontor av Equinor med ein gong. Vi syntest dei var proaktive, men innsåg at dei hadde tenkt to-tre steg lenger enn helsevesenet, seier Håvard.

I familien Enge Drange er det berre Hogne (14) som har fått påvist koronavirus. Alle har hatt milde symptom. Som ein lett influensa, seier far Håvard Drange Enge.

Slik starta også sjukdomsforløpet for Kari Seim Walle. Men etter den første veka blei ho brått dårlegare.

– Eg vart heilt utmatta, hadde ingen energi og kjente eit press i brystet som eg aldri hadde kjent før. Så sterke smerter i kroppen at eg ikkje fekk sove. Eg har hatt alle symptom i boka, seier Kari.

Etter fire veker i isolasjon er ho framleis ikkje heilt bra. Også nabo Bernt Omland blei slått ut med feber og sterke muskelsmerter. I to veker flytta han ned i kjellaren i rekkehuset for å skåne familien mest mogeleg.

Ungane blei aldri sjuke, medan kona fekk milde symptom.

– Eg var ganske sjuk og ubrukeleg. Men eg var aldri bekymra. No kjenner eg ingen symptom lenger, seier han.

Ingen i reisefølgjet har hatt trong for behandling på sjukehus.

I Thomassen-familien har ingen testa positivt for korona.

Tora Enge Drange på veg opp i fjellkjeden. Seinare måtte ho feire bursdagen i heimekarantene. – Det vart ikkje noko selskap, men eg fekk gåve på døra. Foto: Privat

Dei opplevde derimot eit anna drama, då Liv Karin brakk lårbeinet på 3200 meters høgde. Fjellredningstenesta frakta ho til det lokale sjukehuset, der brotet blei stabilisert. Sidan brotet var komplisert, vart ho sendt på båre til Haukeland universitetssjukehus for vidare operasjon. Der blei ho liggande på isolat.

Liv Karin kjenner seg heldig for at ho fekk den hjelpa ho trong – og for at ho slapp unna viruset.

– Berre nokre dagar etter at eg falt på fjellet, var alle ambulansane opptatt med koronapasientar. Sjukehuset eg fekk hjelp på vart kort tid etterpå omgjort til eit reint koronasjukehus. Og vi kom oss heim til Bergen medan flya enno gjekk og Haukeland opererte som før.

Eit fall på glattisen gjorde at Liv Karin Lund Thomassen brakk lårbeinet. Det tok fleire timar å få henne ned frå fjellet. Her ligg ho med beinet i strekk på det lokale sjukehuset. Foto: Privat

Nabolagsgjengen frå Landås veit framleis ikkje korleis dei blei smitta. Men Martin Gavlen har ein klar teori.

– I skiheisen reiste vi i store gondolar med plass til 100 personar. Vi sto så tett at vi ikkje kunne løfte armane, seier Martin.

Det kan også ha skjedd på eit toalett, ein kaffibar eller i etesalen, understrekar han. Han trur ikkje at dei hadde med seg smitten frå flyplassen i Milano til fjellandsbyen. Då burde dei blitt sjuke tidlegare, meiner han.

Fleire i reisefølgjet trur dei blei smitta i denne gondolen på veg opp på høgfjellet. Foto: Privat

Martin, Kari og barna Kasper og Anine er framleis i isolasjon, over fire veker etter at dei kom heim. Kari må vere symptomfri i sju dagar før ho blir friskmeld. Ungane får hoppe på trampolinen i hagen, men ikkje gå lenger. I over ein månad har dei vore avhengige av hjelp.

– Vi har fått varer levert frå butikken, vener har handla for oss og mi kjære mor har levert kjøttkaker og andre middagar på trappa vår.

Dei synest isolasjonen har gått overraskande bra.

– Den største utfordringa er ustabilt internett, som går utover heimekontor og heimeskule. Vi er glade for at vi har store barn og for at vi lever i ein digital tidsalder. Elles hadde det nok vore ei større utfordring, seier Martin.

– Med det vi veit i dag ville vi tatt andre val, seier Jørgen Nordahl (i front) om turen til Alpane i februar. Foto: Privat

Blomar, ein sekk med ved, snop til ungane og vin til dei vaksne. Dette er berre nokre av dei hyggelege gestane frå naboar og vener som familiane har opplevd i isolasjonstida.

Ingrid Enge Drange frykta at tida i isolasjon ville bli pyton.

– Eg trudde ungane skulle klage på at dei kjeda seg, men dei har vore fornuftige. Hogne treff venane gjennom dataspel. Tora lagar songar, les og heklar.

Ingrid og Håvard har tenkt på om dei burde gjort noko annleis, og om dei kan ha smitta andre. Då familiane reiste frå landsbyen i Nord-Italia, gjekk turen via Oslo.

– Det er ubehageleg å tenkje på at vi kan ha smitta andre. Men det nyttar ikkje med etterpåklokskap. Det var ingen signal på at vi ikkje burde ha dratt.

Dei føler ikkje på skuld eller skam, men tenkjer at dei var på feil stad til feil tid.

– Vi forstår veldig godt konsekvensen av å smitte andre. Difor har det ikkje vore vanskeleg å følgje råda frå FHI. Vi har ikkje møtt eit menneske på vekevis etter at vi kom heim. Då vi endeleg kom ut av karantene, var alt uansett stengt, seier Håvard.

Tora og Håvard Drange Enge er begge glade i å stå slalåm. Alle i familien fekk symptom etter ferien, men jentene i familien kom lettast ifrå det. Foto: Privat

Også Øyvind er nøgd med måten gruppa handterte situasjonen dei hamna i.

– Vi blei samde om at alle 45 skulle halde seg heime, sjølv om dette var imot anbefalingane då. Hadde vi gått på jobb og skule måndag morgon, kunne vi verkeleg spreidd viruset. Det luraste vi gjorde, var å vere strengare enn råda tilsa, seier Øyvind, som sjølv arbeider som lege i Helse Bergen.

Alle familiane framhevar verdien av fellesskapet. Også i isolasjonstida har familiane hatt felles film- og vinkveldar. Digitalt, naturlegvis.

– Det hadde ikkje vore så greitt å vere den einaste familien som opplevde dette åleine. Fellesskapet gjer at vi ikkje har kjent oss så isolerte, seier Ingrid.

Jørgen Nordahl (i front) er reiseleiar for flokken. Han roser samhaldet i gruppa. – Det er verdifullt å bu ein stad der det er eit nettverk som bryr seg om kvarandre. Foto: Privat

Ein annan fordel er at fleire av dei no truleg er immune mot koronaviruset.

– Eg håper det kjem ein antistoff-test som kan slå det fast. Eg ønskjer å bidra på ein eller annan måte, til dømes gjennom blodoverføring, seier Bernt.

Sjølv om ferien blei annleis enn dei hadde trudd, er ikkje vennegjengen skremde frå å legge ut på ny tur. Då dei kom tilbake og fekk påvist smitte, ringde Jørgen og varsla både hotelleigaren, guiden og ordføraren i landsbyen.

Dei har framleis tett kontakt.

Om alt går etter planen, reiser vennegjengen tilbake til det same hotellet neste år.

– Vi ønskjer verkeleg å dra tilbake for å støtte opp om byen. Dei treng det meir enn nokon gong, seier Bettina.

Publisert

Koronaviruset

  1. Det er regjeringa som har skapt forvirringa om reiseråd

  2. Onsdag vart kveldsfyll erstatta med tåredrypande auge og sviande nasar i Nygårdsparken

  3. Regjeringen strammer inn: Dette er de nye reglene

  4. Mulig smitte ved Betanien sykehjem

  5. UiB dropper arrangementer på kvelden resten av fadderuken

  6. Barcelona-spiller testet positivt på korona­viruset

Les også

  1. Den sørkoreanske viruseksperten har et klart råd til Norge

    Den sørkoreanske viruseksperten har et klart råd til Norge.
  2. Så lett er det å bli smittet av korona

    Forskere har sett at viruset kan overleve i tre timer i luft.
  3. – Slik forsto vi at vi hadde korona

    Siste rest av tvil forsvant den femte dagen, skriver Charlotte Opheimshaug.
  4. – Jeg føler at jeg lever litt på siden av meg selv

Mest lest

  1. Nyheter direkte

  2. Politiet: – Melding om at fleire personar er knivstukke på Danmarks plass

  3. Siste nytt om korona

  4. Kjære Bent

  1. Koronaviruset
  2. Koronaviruset
  3. Ukens utvalgte i lyd
  4. Bergen
  5. Italia