– Det er fast takst for oss å eta middag på Kafe Samhold kvar onsdag klokka fire. Her møter me bygdafolk frå mange nasjonar. Inge og eg flytta til Ytre Arna i 1964. Me flytta inn i ei leilegheit i huset til besteforeldra hans, og der bur me framleis. Eg vaks opp på Holmen, ein plass mellom Indre og Ytre Arna, og må seia at eg var eigentleg skeptisk til å flytta hit. Då eg var lita jente, var det hit me måtte me dra når me skulle på butikken, til doktor eller tannlækjar. I Indre Arna var det ingenting den gongen. Ungane her var så frekke, dei stod langs vegen og ropte at eg ikkje måtte glo, endå eg aldri torde glo på noko som helst. Likevel enda eg opp her og har aldri angra. Det var nokre år med motgang og litt dårleg stemning etter at fabrikken vår vart lagt ned, men motgangen skapte samhald, og etter ei tid snudde det. Bygda har opplevd mange år med framgang og stor optimisme, og no er det kjekt å seia at me er frå Ytre Arna.