Kjære alle saman!

De har alt høyrd kongen og statsministeren, så lat meg ikkje trøytte dykk med meir av det same. Her er i staden dei aller beste spådommane for 2019.

Vinteren:

I slutten av januar går du på treningssenteret for årets siste gang.

KrF går inn i regjering. Det vil kome ei avgift på noko som ikkje var symboltungt før det brått blir veldig symboltungt. Plastposar, sukker og flysete er alt tatt. Bildelar, matvarer med umami og sukrin står lagleg til.

Frp får til gjengjeld utnemne Bård Hoksrud til vannsportminister.

VG lagar saka «Her er de UKJENTE erogene sonene». Eg tullar, den er laga for lenge sidan.

Våren:

Skjærtorsdag melder Dagsrevyen at ungdommar frå Østfold sit med rumpa ut av bilen i Strömstad.

Langfredag melder Dagsrevyen at nokon på Filippinane har latt seg spikre opp på krossen.

SK Brann blir hausa kraftig opp.

BT melder om ny regnrekord i Bergen.

VG lagar saka «Slik får du KJEMPEorgasme». Eg tullar, den er laga for lenge sidan.

I tide til 17. mai tirrar Sanna Sarromaa på seg det norske folk med innlegget «Så du trodde nordmennene var gode til å være norske? Det viser hvor liten selvinnsikten egentlig er»­. Dagsnytt 18-redaksjonen kastar om på alle planar for å debattere denne brannfakkelen.

Fire millionar nordmenn vil ete taco kvar fredag.

Ein statsråd gjer noko ganske dumt. Erna Solberg rykker ut for å forklare at det dumme berre var litt dumt, og at ho personleg ville ha valt å dumme seg litt mindre ut.

Sommaren:

Alle politikarane kjem til Bergen. Her et dei fiskekaker, syng «Eg ve te Bergen» og går med paraply for å vise at dei verkeleg forstår bergensarane.

Det vil regne.

Jonas Gahr Støre blir skulda for å vere elitistisk. Han avviser det kontant i ein kronikk i Morgenbladet.

SK Brann kjem til å bli hausa kraftig opp, før det går åt skogen.

Hausten:

Det blir avslørt at Facebook har seld all info om deg i ei årrekke. Du trekker på skuldrene i eit par sekund.

Svenske nynazistar marsjerer i norske gater for å vise at det er dei som er dei ekte, eh, nordmennene.

BT melder om ny regnrekord i Bergen.

Mens Knut Arild Hareides foreldre blir uinteressante, rykker media inn i barndomsheimen til Kjell Ingolf Ropstad. Der vil foreldra fortelje om den gongen Kjell Ingolf styrta ei stor flaske champagnebrus i konfirmasjonen.

Sverige kjem kanskje til å få ei regjering. Kven kan spå slikt?

Bildevisning

       SPÅDOM TIL VINTEREN: Imponering med sablering av sjampisflaska.
SPÅDOM TIL VINTEREN: Imponering med sablering av sjampisflaska.
Shutterstock/NTB Scanpix

Vinteren:

Det vil garantert regne.

23. desember melder Dagsrevyen om ny rekordsum for julehandelen.

VG lagar saka «Dette er livet med MIKROpenis». Eg tullar, den er laga for lenge sidan.

30. desember åtvarar augelegar om nyttårsrakettar.

31. desember, kort tid før du skal briljere framfor resten av forsamlinga med å opne sjampisen med sabel, fortel du deg sjølv kor mykje betre menneske du skal bli i 2020.

Du går ut i kulingen for å sjå på fyrverkeriet.