BT Magasinet

– Eg har vore brurepike, for farmor gifta seg med Ove-besten. Det skjedde på midten av Brann Stadion.

FOLK I VEST: Møt Ove Olsen (56), Dina Louise Vågen Nes (11) og Unni Karin Nordås Olsen (60).

– I dag har det skjedd to veldig spennande ting. Eg har vore brurepike, for farmor gifta seg med Ove-besten. Det skjedde på midten av Brann Stadion, fordi dei to elskar Brann. Farmor ville at songen «You’ll never walk alone» skulle spelast først. Eg var veldig nervøs då me skulle gå inn på banen, sjølv om det ikkje var folk på tribunen. Etterpå hadde farmor bestemt at nasjonalsongen til Bergen skulle spelast. Om kvelden fekk eg vera med på stadion og sjå Brann for fyrste gong. Eg veit berre namnet på ein spelar. Han heiter Håkon Opdal og er frå Odda, og me er frå Husnes.

widget-list