Fjorden krusar berre så vidt utanfor fangststasjonen Kapp Wijk. I grøn felleskjøpsdress og med gummistøvlane på, sit Harald Arnfinn Soleim (79) utanfor hovudhytta.

Ingen har hatt fleire fangstovervintringar på Svalbard enn han. Her, i over 40 år, har han budd mutters aleine gjennom midnattssol, mørketider og hylande snøstormar.