«Saga Fjordbase seier opp 120 tilsette» var avisenes overskrifter 16. februar 2015. Det var ein grå måndag i Florø. Oljeprisfall og tap av store Statoil-kontraktar ramma Norges vestlegaste by hardt.

– Eg hugsar eg tenkte «ka i helvete». Eg kunne nesten ikkje tru det. Kvifor skulle Statoil velje vekk oss til fordel for noko anna?