Henny Sierksma bur blant vakre tapet, mahogni og lysekroner. Kvar morgon tek 85-åringen på seg smykka sine, kvar veke går ho til frisøren. Før middag takkar ho gjerne ja til eit glas sherry.

Fru Sierksma — ingen er på førenamn i dette interiøret - deler ikkje berre hus og livsstil med fem andre, men også diagnose.