I 1973 var det 100 år sidan bergenslegen Armauer Hansen oppdaga leprabasillen. I jubileumsåret vart Den tiende internasjonale leprakongressen lagt til heimbyen hans. Nysgjerrige journalistar tok kontakt. Fantest det attlevande som hadde vore spedalske, i Noreg?Det offisielle svaret frå den internasjonale komiteen var utvetydig: Alle var borte.

Det var ei kvit løgn.