Dette er natta dei aldri skal gløyma. Om ein time er alt familien Rode kjenner som trygt og godt og heimsleg, utsletta. Men dei veit det ikkje enno.Det er like før Kveldsnytt. I det vesle, raude huset har alt handla om Tiril, snart to år, i kveld. Barnebarnet til John Erik er på overnattingsbesøk i Lærdal. Dei har spelt gitar med henne, firhendig piano, leikt med dokkevogna, laga innbakte pølser. Tiril søv for lengst no.

Eldsteguten Eirik, som er russ i år, har reist på kostymefest i Årdal. Resten av barnevaktene er trøytte. Marit (13) og mamma Marianne er alt i pyjamasen.