Han var på besøk i leilegheita til ein kamerat, i 16. etasje. I skjul smaug han seg ut på balkongen, løfta sine smale bein over rekkverket, og tok nokre siste drag av den lumre januarlufta.

Han såg ut over byen Valencia, som glitra der nede av lysa frå hundretusenvis av vindauge. Han kunne sjå dei blå silhuettane av fjella rundt byen.