Kvite kvinner som pushar 30

Eg er inne i verdas koseligste identitskrise.

Publisert Publisert

Foto: Adrian B. Søgnen

For fem år sidan ville eg aldri gå heim. Eg ville drikke opp dei få studentkronene eg hadde, gjere som eg ville, danse på byen og sove heile dagen om eg kunne.

No vil eg aldri gå ut.

Eg vil gå i tøflar og dyre morgonkåper, drikke god kaffi, lage ei steik i omnen og sjå ein tv-serie.

Før ville eg sjå seriar om seriemordarar, politikk og psykisk elende. No er det koselege program om hundar eller mat som regjerer.

Eg bakar rundstykke, sorterer alt søppelet mitt, betalar rekningane når eg skal og sender e-postar med bankrådgivaren min. BSU-kontoen blir fylt opp lenge før nyttår.

Før gjekk eg på ut fredag kveld og kom knapt tilbake før søndag.

No unngår eg å gjere avtalar på laurdagane. Eg vil bruke dagen med min aller beste ven – meg sjølv. Eg skal koke egg til brunsj og putte dei i dei sjukt fine eggeglasa eg av fri vilje har gått til innkjøp av.

Eg har bordbrikker så eg ikkje skal få kaffiringar i trebordet og vaskepulver til både farga og kvite kleder.

I 2015 hadde eg 18.000 kroner i kredittkortgjeld, nudlar og eit rart utslett.

No er det manchego i kjøleskapet, fint bretta kjøkkenhandkle i skuffa og pinjekjernar i ein liten boks på kjøkenbenken. Førre veke brukte eg 152 kroner på olivenolje.

Livet er på stell, tenkjer eg når eg opnar skuffa i kommoden ved middagsbordet og det går opp for meg at eg har fått meg ei «roteskuffe». Det er det ultimate teiknet på at ein er vaksen - der ligg unbraco-nøklar, teip, batteri og lys som luktar «cotton vanilla».

Før fekk eg skader på grunn av trening og tøffe ting. No pådrar eg meg skader fordi eg har snudd meg for fort eller sete i ro for lenge.

Kanskje fordi eg har kjøpt meg ein puff, som gjer det ekstra herleg å setje seg ned. Puffar er overraskande dyre for å vere eit så lite møbel, men eg prioriterte det fordi «det ville knyte rommet saman».

Kva skal eg med den? Kvile beina etter eg har teke dei ut av Birkenstock-tøflane mine og skal drikke eit glas pet nat medan eg ser på Marie Kondo.

Ho er ei japansk rydjedronning som seier at du berre skal behalde ting som gir deg ei kjensle av lukke inni deg. Eg blir dritglad av puffen min. Den er grøn, fin og av fløyel.

Den biologiske klokka tikkar, men eg tel berre ned til egget mitt er kokt. Og neste sesong av Game of Thrones, sjølvsagt.

Beste helsing Ingvild, snart 29 år.

Publisert