Henrik vart lam etter ei akeulukke - så tok han fagbrev

I januar vart Henrik Røen lam frå brystet og ned. Likevel går året i pluss. 20-åringen knuste ryggen, ikkje draumen.

Publisert Publisert

Foto: Marita Aarekol

Slegga ligg i fanget, rattkjelken framfor rullestolen. Henrik Røen har ikkje sett kjelken sidan den fatale aketuren i januar i år.

Kjelken låg att i vegen, så å seie uskadd. Henrik vart merkt for livet.

20-åringen har tenkt på det ei stund. At han ein dag skal knusa rattkjelken. No er tida inne.

– Eg likar å smadra ting. Det er godt å få ut litt aggresjon, seier han.

– Er du sint på kjelken?

– Litt i starten. Så vart eg sint på steinen. Men eigentleg er eg berre glad for å vera i live.

Det var ein kald, kvit vinterdag av dei fine og sjeldne. Nede i bygda gjekk folk på skøyter på Samnangerfjorden. Henrik og ein gjeng kompisar reiste opp i Kvitingen for å aka ned den bratte anleggsvegen.

Det var ingen tur for pyser, men så har Henrik heller aldri vore ei pyse. Om og om igjen sette han utfor. Krasja i autovernet, slo seg gul og blå, knuste eit akebrett. Ingenting stoppa han.

Han hadde tenkt på det seinast dagen før. At livet var så bra. Henrik var lærling hos Veidekke. Til våren skulle han ta fagprøven i betongarbeid.

Han var aktiv orienteringsløpar med skåpet fullt av medaljar og pokalar, og gjekk Stoltzen på 13.13.

Ikkje at Henrik var asket. I helgene var det full fart, fest og moro. Livet var så bra, sa han til seg sjølv, det kunne ikkje vara. Det verste som kunne skje, tenkte han, var om han gjorde ei dame gravid.

Eller vart lam, så vilter og uforsiktig som han er.

Kompisane tok akepause, men ikkje Henrik. Det gjorde vondt i kroppen då stabukken sette seg på rattkjelken, skauv frå og sette utfor.

Det gjekk fort, altfor fort. I svingen mista han kontrollen og suste fleire meter ut i det bratte terrenget. Så landa han på ein stein med hovudet først.

Henrik hugsar ei kolossal smerte. Blodet spruta, synet vart borte. Ei sitring strauk ned gjennom kroppen ein siste gong, og han tenkte:

«No har du gjort det».

OPERASJONSARRET: Ulykka skjedde 17. januar. Same natt vart Henrik operert på Haukeland.

– Eg knekte ikkje ryggen. Eg knuste han, seier samningen

Eine handa kviler på rullestolhjulet. Ni månader er gått sidan aketuren som kutta ryggmargen, og gjorde Henrik lam frå brystet og ned.

«Komplett skade på ryggmargen», konstaterte legane på Haukeland universitetssjukehus.

Frå heimen øvst i grenda Rødne på Bjørkheim ser Henrik sola som skin på fjorden, fem bakkar lengre ned. Ei veke før han kom heim frå sjukehuset i juni, vart den øvste og brattaste bakken asfaltert. Elles hadde han ikkje klart å koma opp for eiga maskin.

– Det er ikkje så gale å sitja i rullestol som mange trur. Men det er kjipt når det er så fine dagar, og eg ikkje kan springa på fjellet. Eg likte best å springa utanfor stien.

Det er det einaste hjartesukket 20-åringen gir frå seg. Rullestol eller ikkje, Henrik Røen er som før. Viljesterk, utolmodig, sta. Og så handlekraftig at han berre ligg ørlite bak skjema.

– Eg har denne evna til å sjå lyst på livet og setja pris på små ting. Middag og sånt. Det gjorde eg også like etter ulykka. Eg var berre så glad for å vera i live. Og eg er så glad for at eg ikkje tok nakken. Då kunne eg ikkje ha brukt hendene, seier Henrik.

FORSONT: Skaden har skjedd.– Det er ikkje noko å gjera med det no, seier Henrik med Mario på fanget.

Mange hadde høyrt Luftambulansen i Kvitingen den sundagskvelden i januar. Meldinga om ulykka sende sjokkbølgjer gjennom heimbygda.

I visittida var køen lang. Tremenning og kompis Martin Tysseland kom på sjukehusbesøk tre dagar etterpå.

– Henrik var mørbanka og såg ikkje ut i måneskin. Han kunne ikkje røra seg og måtte liggja på eine sida, fortel Martin (19).

– Var det skremmande?

– Det var spesielt, men han tok det så bra sjølv. Han smilte og var heilt lik seg. Då kunne jo ikkje eg vera verre.

Heile bygda fekk ikkje plass ved sjukehussenga. Ungdom i Nordbygda som kjende Henrik, men ikkje hadde sett han etter ulykka, var nedtrykte og urolege.

Martin og ein annan nær ven av Henrik, Magnhild Tysseland, skjønte at dei måtte finna på noko. Eit par veker etter ulykka oppretta dei ei Facebook-gruppe og kalla inn til møte.

Mellom 50 og 60 unge kom. Lokalet var stappfullt, men stemninga dyster, veldig dyster. Magnhild, som også hadde besøkt Henrik på sjukehuset og erfart at han var den same som før, kjefta på forsamlinga.

– Eg sa: «Henrik er ikkje død!».

LITT AV ALT: Oppslagstavla på rommet til Henrik.

På rommet hans heng ein stor plakat, full av helsingar som venene skreiv den kvelden. «God betring, Henrik». «Stå på, gut». «Godt du va tjukk i håve».

På skrivepulten står Xboxen og dataen. Ein av dei få hobbyane Henrik har igjen.

– Eg fekk sjokk første gong eg kom heim på perm etter ulykka. Huset var blitt så lite, rullestolen så stor. Eg følte meg hjelpelaus i min eigen heim. Men kvar gong eg synest synd på meg sjølv, tenkjer eg på at mange har det verre. Du ser mykje når du ligg på sjukehus i eit halvt år.

I mai var det nære på. Henrik fekk permisjon frå Haukeland og reiste heim. Han hadde knapt trilla rullestolen over dørstokken før alt vart svart.

Blodtrykket var så lågt at familien ikkje fann pulsen hans. Dei trudde at hjarta hadde stoppa å slå.

Far gjekk i gang med lungeredning, bror med hjartemassasje og mor ringde etter hjelp. Ambulansen var heldigvis ikkje langt unna. Henrik hadde ein svær blodpropp i brystet.

– Dei neste dagane var dei verste etter ulykka. Det gjorde så vondt i brystet. Eg låg på sjukehuset og såg «Saltstraumen minutt for minutt» på NRK. Det var grufullt, seier Henrik.

– Er du ikkje glad i Saltstraumen?

– Ikkje no lenger. Eg har sett nok av han.

Tunet var nyasfaltert, dørene utvida, rullestolheisen montert i trappa. I juni flytta Henrik ut av sjukehuset og tilbake til barndomsheimen.

FØRSTE ETASJE: Henrik overtok rommet til eine broren då han kom heim.

No er han på veg vidare. Før jul flyttar han for seg sjølv og blir herre i eige hus. Henrik har kjøpt splitter ny leilegheit, tilrettelagt for rullestol, på ein annan bakketopp på Bjørkheim. Nybygget er det første privathuset i bygda med heis.

– Eg er veldig klar. Det skal bli godt å sleppa dei fem bakkane. Eller stolheisen i trappa kvar gong eg må opp på kjøkkenet og eta. Det einaste eg treng, er at nokon handlar for meg. Eg har ikkje fått bil enno.

INNFLYTTINGSKLAR: Kompis Martin Tysseland på inspeksjon i den nye leiligheita til Henrik.

Når han trillar stolen opp siste bakken på Rødne, må han bøya seg fram. Elles tippar han bakover.

Så bratt er det.

Henrik har søkt Nav om bil med firehjulstrekk, men fått avslag. Han har klaga på vedtaket.

– Eg gir meg ikkje på det. Eg kan ikkje bu og klara meg sjølv i denne bratte bygda utan firehjulstrekk.

HANDMAKT: Henrik trør med hendene.

I enden av tunet står ein mur. Muren er Henriks fagprøve i betongarbeid. Prøven tok Veidekke-lærlingen frå rullestolen i september, berre nokre månader etter planen.

Det var mest praktisk å setja opp forskalingsmuren på eigen grunn, sidan Henrik ikkje har fått bil enno. På muren planlegg mor ein paviljong, der ho kan nyta fjordutsikta til alle årets tider.

  1. FORSKALING: – Når alt er i vater, går det fort. Då er det berre å knusa på, seier Henrik.

  2. TEAM RØEN: Henrik Røen er sjefen, Jonas Sandal Gjøstein handlangeren.

DRAUMEN: Planen til Henrik var å bli tømrar.

Han fekk to veker på seg til å fullføra fagprøven. Fordi Henrik berre kan bruka armar og skuldrer, fekk han hjelp av ein handlangar, lærlingekollegaen Jonas Sandal Gjøstein.

Jonas fekk berre utføra det arbeidet Henrik sa at han skulle utføra, og slå inn spikar der Henrik sjølv ikkje kom til.

Arbeidsdagane kunne bli både åtte og ti timar lange. Ryggen verkte. Men då muren stod der, bein og fin, og prøvenemnda gav godkjent, gjekk flagget og sjampagnekorken til vers i tunet på Rødne.

HURRA FOR HENRIK: Muren er godkjent.

– Heilt sidan eg skadde meg, har eg hatt denne innstillinga at eg skal hoppa i det, at eg skal prøva. Eg er handikappa i kroppen, ikkje i hovudet, og eg har lært at eg er sterkare psykisk enn eg ante.

– Kva er planane no?

– Kanskje Teknisk fagskule neste haust. Eg tok til på yrkesskulen for å bli tømrar, og har alltid likt å jobba ute. Det går ikkje lengre, men eg kan sitja på kontor. Teori er lettare om ein kan det praktiske, og med fagbrev kjem eg kanskje lengre fram i køen.

VELFORTENT KLEM: Åse Røen gratulerer sonen Henrik med fagprøven.

Han festar ein sykkelfront på rullestolen. I neste sekund trør han av garde – med hendene. Henrik passerer naust, telefonstolpar og bedehus, og tek inn på gamlevegen til Haga.

Det går framleis fort i svingane. Plutseleg er han vekke.

Til slutt finn BTMagasinet igjen Henrik hos fysioterapeuten. Han har ikkje hatt tid til å koma hit på 14 dagar på grunn av fagprøven.

– Har det vore tunge veker? spør Åse Waage Tveit.

– Dei siste dagane av prøven var knallharde. Laurdag sovna eg klokka 20. Eg var heilt ferdig, svarar Henrik på benken.

Henrik måtte læra kroppen sin å kjenna på nytt, og tok til å trena få veker etter ulykka. Månadene på spinal-eininga på Haukeland, ei spesialavdeling for ryggmargsskadde, var reine treningsleiren.

I dag brukar Henrik armar og skuldrer til alt. Han har ikkje magemusklar og må heile tida passe på, så han ikkje tippar framover og ramlar ut av stolen.

Han kjenner ikkje om han er tissetrengt, men ser på klokka og går på toalettet kvar fjerde time.

Kvar dag bør han opp å stå i ein spesialstol i minst ein time. Det hjelper for ledd, for fordøyelse, for det meste, seier han. Men også det er det blitt lite av dei to siste vekene.

– Då eg prøvde igjen, såg eg stjerner og vart veldig kvalm, fortel han til fysioterapeuten.

Kvar kveld når Henrik legg seg, tek beina til å leva sitt eige liv. Sprett opp, går på kryss og tvers. Krøllar seg opp om natta. Henrik vaknar alltid i fosterstilling.

Spasmar er normalt for menneske med ryggmargsskade. Med jamleg oppfølging blir muskelkrampene mindre, og kroppen ikkje så stiv.

– Du er flink. Det skal du ha. Men det er ikkje alt du greier sjølv. Noko må du ha hjelp til, seier fysioterapeuten.

MASSASJE: Fysioterapeut Åse Waage Tveit masserer bort ryggverken.

Henrik er den einaste i Samnanger med ryggmargsskade. Åse samarbeider med Haukeland for at Henrik skal få så god behandling som råd. Det er ho som bestiller alle hjelpemidla han treng.

– Då eg høyrde at Henrik fekk avslag på firehjulstrekk, tenkte eg at Nav må ta ein tur til Samnanger. Dit Henrik skal køyra – opp til foreldra, opp til den nye leilegheita – er det så bratt at eg iallfall ikkje ville køyrt opp dit vintersdagen utan firehjulstrekk, seier fysioterapeuten.

– Eg er under gjennomsnittet interessert i bil i denne bygda. For meg er det berre eit transportmiddel, kjem det frå benken.

Besta bur i bakken nedanfor Henrik. Ho oppdagar rattkjelken ved inngangsdøra då ho er oppom for å invitera på komlemiddag.

– Eg lurte på kor du hadde gjort av han, Henrik. Eg vil helst ikkje sjå kjelken, seier 81-åringen.

Eit helikopter fyk over Bjørkheim. Lyden får Herdis Røen til å skutta seg. Same lyden høyrde ho den sundagskvelden i januar. Like etter kom beskjeden om at barnebarnet var frakta til Haukeland med store skader.

– Det har vore tøft. Eg kan ikkje seia noko anna. Sidan har det gått opp og ned, kjem det frå besta.

– Eg synest at det berre har gått opp, seier Henrik, som til og med tok jaktprøven i rullestol i haust.

– Vel, gjort er gjort. Det har alltid skjedd mykje rundt deg, Henrik, men du har alltid klart deg. Det kjem du til å gjera no også.

– Nokre menneske blømer i motgang, seier Henrik.

– Når eg ser tilbake på 2016, tenkjer eg at eg på mange måtar er komen lengre enn om eg ikkje hadde skadd meg. Eg har fått både fagbrev og leilegheit. Forhåpentleg får eg også bil snart. Eg har lært å kjenna nye sider av meg sjølv, og blitt sjølvstendig mykje raskare. Alt i alt vil eg tru at året går i pluss.

Hemnen er likevel søt.

Publisert