– No har det gått ni dagar, og me er endeleg på heimveg, sånn nokolunde friske

Folk i Vest: Møt Anita Lekve (52), Nutti (10 mnd.) og Sunniva (14).

Publisert Publisert

  • Odd E. Nerbø (tekst og foto)

– Me skulle til Bergen på besøk til tante og sova der ei natt. Men så fekk mamma og eg influensa. Me vart liggande i senga, og var så sjuke at me ikkje kunne klare å koma oss heim til Ulvik i Hardanger. No har det gått ni dagar, og me er endeleg på heimveg, sånn nokolunde friske. Eg er så glad for at dei to eg er mest glad i, mamma og Nutti, var med. Og heldigvis var den som eg er mest glad i etter dei to, nemleg bestemor, heime, så ho har mata dei to kattane og kaninen min. Eg gler meg til sjå dei att.

Publisert