Alt tyda på eit kort opphald på sjuke­huset. Så blei Helge Bjørn smitta av det dødelege viruset.

Ei raud rose blir plassert på brystet til Helge Bjørn Pettersen.

Verken han eller familien var spesielt uroa. Infeksjonsverdien i kroppen til Helge Bjørn Pettersen var høg, men her var han i dei beste hender.

Han var jo på sjukehus, staden der ein verkeleg blir passa på.

Haukeland universitetssjukehus var på ingen måte ukjent for 74-åringen. Han hadde problem med både nyrer og hjarte, og hadde vore her mange gonger før. Koronatesten var negativ, så det kunne legane utelukke. Denne gongen var det truleg snakk om ein mindre lungebetennelse.

Alt tyda på eit kort opphald på sjukehuset. Helge Bjørn responderte godt på antibiotika, infeksjonsverdiane sokk.

På grunn av smittefare, hadde ingen i familien fått besøkje han. No gleda 74-åringen seg til å kome heim til Salhus.

Så fekk han vite at ein av dei som hadde vore nær han på sjukehuset, var smitta. Han måtte ta ein ny koronatest.

Dei siste ni månadene hadde alle rundt 74-åringen nær stått på hovudet for å skjerme han frå det dødelege viruset.

Svaret på testen kom raskt. Han hadde korona.

Les hele saken med abonnement

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    – Gjennom brevene ble vi kjent med hverandre. Vi hadde felles skjebne.

  2. BT MAGASINET

    – Jeg begynte å danse i hemmelighet

  3. BT MAGASINET

    Konrad (17) skulle ta et siste stup. Det endret livet hans for alltid.

  4. BT MAGASINET

    Barn med Julias lidelse blir sjelden voksne. Håpet lever etter en reise til Polen.

  5. BT MAGASINET

    Den engelske mutanten herjet verst med de unge i Ulvik

  6. BT MAGASINET

    – Håpet er at sønnen min også skal bli glad i denne stilen, og arve mange av mine klær