Verda vert ikkje berre skapt i Det kvite hus

Donald Trump treng eit par avklipte støvlar.

Publisert: Publisert:

Grasrota. Då mammo til Trond Mohn gjekk gjennom sentrum i Norheimsund om somrane, passa ho på å slappa av. Ho gjekk alltid med støvlar, og desse hadde ho klipt av heilt framme, slik at føtene stakk ut or støvlane. Dette sette spor i folket i Kvam. Og dei som såg dette, kunne ikkje anna enn å lika at ei dame av eit slikt kaliber gjekk på butikken med eit par avklipte støvlar, og att på til hadde på seg tjukkelabbar.

I Hardanger heldt familien Mohn til på garden Ugjerslo, som rett og slett tyder «der mykje er ugjort» eller «ikkje på stell». Og oppe på idrettsplassen, ikkje langt frå der som kyrkjo ligg i dag, sette Trond og tvillingbroren Stein rekordar. Rundt og rundt sprang dei om kapp med dei lokale gutane. For det er slikt ein gjer når ein er gutunge, og det er slikt som gir livet meining. Kanskje er det mammo han tenkjer på, Trond Mohn, når han deler ut gåver til alle andre enn seg sjølv. For folk flest, dei er folk dei òg.

Altruisten. Då Torgeir Klungland låg på magen i lyngen på Finse, såg eg kva slags kar han verkeleg var. Eg visste at han var ein einar i klasserommet, og eg tok meg ofte i å tenkja at læraren vår burde ha vore professor på universitetet, og ikkje via tida si til oss, me som berre pugga kjemiske reaksjonar fordi me ikkje visste særleg betre. Men no låg han altså der i lyngen og smilte på ein måte som eg aldri før hadde sett, og med ein anorakk som han sikkert hadde hatt i 20 år, og ein gammal sekk som knirka so fint då han gjekk. Ja, biologen gjekk i eitt med biologien.

– Sjå der, sa Klungland, og leita fram ein vakker blom frå ei slags dyne av mose.

For ein type. For ei glede. På gymnaset hadde han eit lite drivhus i kjellaren, som han stolt synte fram, og den grøne bølgja var han langt framføre. I snøfokk, regnvêr, sol og skodde tok han sykkelen til alle stader han berre ville. Men Klungland valte Voss gymnas, og det er eg takksam for i dag.

Å venta det er å elska

Lange linjer. Då eg stod utanfor domen i Firenze for første gong, kjende eg at no var eg vaksen. Trur eg. Heilt av meg sjølv var eg plutseleg der, av eigen fri vilje, og av eiga lommebok, så stod eg der, og eg stod midt i verda. Og då eg såg statuen David høgt der oppe, og då eg fekk Boticellis måleri Venus’ fødsel midt i fleisen, og då eg gjekk på ei bru som vart bygd for 671 år sidan, ja, då kjende eg meg så liten som eg aldri før hadde kjent meg. Og rundt meg var det kinesarar, svenskar, amerikanarar, nordmenn, islendingar. All slags. Og det var altfor varmt og det var kaos, men alle gjekk me rundt der i Firenze og såg på desse storleikane, desse grunnsteinane, og vart forelska i verda på ny. For du er David, og du og du og du er David, og det skal du vita.

Bindingar. Då eg såg Donald Trump takka for sigeren i det amerikanske presidentvalet, vart eg lei meg. Og då eg såg han tok armen rundt familien sin for å gje dei ein klem, ein etter ein, stiv som ein pinne og med ein avstand ein kjenner att frå dansegolvet på barneskulen, vart eg trist. Men så var det nokon der nede i Europa, frå sentrum av verda, som sa: «Tyskland og Amerika er bundne saman av felles verdiar – demokrati, fridom, samt respekt for rettsstaten og for kvar einskilde person, uavhengig av deira opphav, tru, kjønn, seksuell legning eller politisk syn. Det er basert på desse verdiane at eg ønskjer å tilby eit nært samarbeid, både med meg personleg og mellom våre lands regjeringar».

Angela Merkel hadde teke på seg sine avklipte støvlar, gjort seg like stor som David og bunde Donald Trump til verdas lyng, og det var då eg såg at det ikkje berre er håp i hengjande snøre, men at fisken, ja, han kan allereie vera på kroken.

LITEN MOT STOR: Statuen David er laga av Michelangelo, og skal førestilla den bibelske personen som utfordrar Goliat.
Publisert: