BT Magasinet

Pass deg for Finn

Frå «mulighetenes marked» til «umulighetenes marked».

– Eg har rett og slett berre lagt inn eit Finn-varsel på «byfjellene».

Sitatet kom under ein frukost i jola.

Så utruleg lurt å vera på vakt, tenkte eg.

Kven vil ikkje ha seg ei hytte i byfjella, liksom.

Vakna til sol. Vakna til dritvêr. Gå opp. Ta Ulriksbanen ned, kanskje.

Tåkeheim som dyne og byen som seng. Seia god natt til Bergen «frå oven».

Ein draum, rett og slett. Ja, det finst vel knapt liknande vyar.

Potensielt sett farlege vyar.

Ikkje hytta i seg sjølv, altså, men dette stadiet av drøymeland.

For der går jo allting an.

Førestillingar om det som kunne ha vore. Viss og om og dersom og kanskje.

Finn.no har gjort draumetolking til heiltidsgeskjeft. Endelause forventingar ligg godt kamuflert i slagordet «mulighetenes marked».

Eigedom. Reise. Bil. Jobb. Shopping.

Livet, samanfatta.

Jamnleg kjem det tilbod om glasuren du kan sprinkla over kvardagen.

Mango? Ein tur til stranda i Karibien. Lakris? Ei ny veske. Jordbær? Det aller meste faktisk.

Pynten av Tarlebøveien, til dømes. Det var kjekt å seia hei til deg, framand.

Ein tur i vedskjulet hjå huseigaren min for å kappa ved. På Nordnes, altså.

Kikka på Bybanen som plutseleg berre var der. Stikka ut tunga og ta imot snøen.

Det enkle frie i livet held ein om allereie. Hugs på det, helsing klisjé.

Føtene har knapt nådd pedalen før hovudet er på veg inn i eit anna hus, til ei anna strand, i eit anna land.

Hallo, eg har sjølv eit Finn-varsel på bustader til sals i Bergen. Og det utan å vera på jakt.

«Kjekt å sjå kva som finst».

Tja. Er det så lurt, då?

Dess meir du veit, dess fleire val. Dess fleire val, dess mindre av den beinveges deg.

«More is less», faktisk.

På universitetet lærer ein at fornufta bør vinna over kjenslene.

Metoden er best når informasjonen er som mest, men livet er jo alt anna enn teoretisk.

Og må ein eigentleg drøyma for å verta nøgd?

Eg seier som mannen med varselet om byfjella:

– Du må jo byrja ein stad. Du må berre klinka til. Så finn du roen etter kvart.

widget-list