FØR: På dette biletet frå februar 2014, veg Fridtjov Urdal 158 kg. Kulturkjendisen frå Sunnfjord har klart å gå ned 25 kg på eiga hand. Ei veke seinare legg han seg inn på Førde sentralsjukehus for fedmekirurgi.
BT Magasinet

Soga om Fridtjov den feite

Alt som liten var han stor. Så vart han større og større. Til slutt heldt Fridtjov Urdal (62) på å ete seg i hel.

Ein oktoberdag for over 50 år sidan kom eit barn til Bergen med båten frå Sunnfjord. Guten hadde ein diagnose som var sjeldan i 1963. Adiposita, eller fedme. Elleve år gamle Fridtjov frå Flora vog 68 kilo.

Same dag vart han innlagt på Barneklinikken i Bergen. I tolv dagar skulle legar og psykiatrar saumfare kropp og sjel hos det uvanleg svoltne barnet. Ein av dei hadde han som eksamensoppgåve. «Veldig god matlyst og spiser nesten alt han får», skreiv innleggande lege. «Kan godt spise 5-6 kjøttkaker med 3 poteter til middag. Spiser ellers frokost, aftens og ett måltid senere på kvelden. Kan spise 3-4 brødskiver om gangen, særlig har han god matlyst på kvelden».

Spør nokon kvifor eg er så tjukk, svarar eg at det er fordi eg et sånne som deg!
Bildevisning

       (til venstre) ADOPTIVFORELDRE: Det barnlause ekteparet Ågot og Paul Urdal adopterte Fridtjov då han var seks månader gammal.<br/><br/> (over til høyre) KONFIRMANT: I mai 1966 står Fridtjov konfirmant i Flora. Her er hovudpersonen klar til å sprette kakene.<br/><br/> (nederst til høyre) SLÅTTEKAR: Fridtjov på slåmaskina tidleg på 1960-talet. I dugnadsgjengen er også far Paul (til v.) og onkel Ragnvald og tante Borgny.
(til venstre) ADOPTIVFORELDRE: Det barnlause ekteparet Ågot og Paul Urdal adopterte Fridtjov då han var seks månader gammal.<br/><br/> (over til høyre) KONFIRMANT: I mai 1966 står Fridtjov konfirmant i Flora. Her er hovudpersonen klar til å sprette kakene.<br/><br/> (nederst til høyre) SLÅTTEKAR: Fridtjov på slåmaskina tidleg på 1960-talet. I dugnadsgjengen er også far Paul (til v.) og onkel Ragnvald og tante Borgny.
PRIVAT
Bildevisning

       FridtjovBarnet-konfirmasjon.jpg
FridtjovBarnet-konfirmasjon.jpg
Bildevisning

       Fridttanteonkel.jpg
Fridttanteonkel.jpg

«Virker umiddelbart ikke mentalt tilbakestående. Snakker meget», noterte ein annan lege seinare.Ein dag vart Fridtjov ført inn på podiet i Store auditorium på Haukeland sykehus. Framfor benkerader av kvite frakkar vart han kledd naken. Ein lege snakka latin og peika på det bleike barnet.

Kroppen fraus, kjakane brann.

Frå botnen av auditoriet såg femteklassingen seg sjølv utanfrå. Avkledd, unormal, eksponert. Eit medisinsk studieobjekt; eit ekstremt tilfelle.

— Alt ikring sa at ein skulle skjemmast av kroppen sin. Eg visste det. Ingen trong seie det. Skam er vanskeleg å lære seg av med. Ein veit kva skam er, og skam prøver ein å skjule.

I dag er Fridtjov Urdal 62 år. Han er framleis ein kraftkar, som har for vane å omtale seg sjølv i tredje person.

— Du synest vel ikkje at det er så rart?

Urdal lener seg fram med full tyngde. Latteren byggjer seg buldrande opp innanfrå, og veltar ut i høge hikst.

Ute er det sur februar, men i ungkarshiet på Vassenden i Jølster er det lunt og godt. Veggane er tapetserte med kunst, hyllene fulle av bøker. Verten sjølv tek imot i ei rutete skjorte i storleik XXXXXXXXL; kjøpt i ein spesialbutikk på nettet. Å plukke ein sokk opp frå golvet er ein kraftprestasjon for ein så stor kropp.

— Når du et deg feitare og feitare, et du deg meir og meir vanfør. Eg er alltid i vegen for meg sjølv. Men den kroppen eg kjenner, skal eg ut av. Det kan bli ei radikal endring.

Går alt etter planen, er Urdal blitt eit par X'ar mindre før sommaren. Det store hamskiftet starta for eitt år sidan. Fridtjov den feite hadde nådd sitt livs tyngdepunkt. Han vog 188 kilo. Han var i ferd med å ete seg i hel.

Om nettene vakna han av at han ikkje fekk puste. Han vart redd; han kjende at han nærma seg kanten. Til slutt måtte han trasse legeskrekken.

— Det var inga anna råd om ein ville leve. Det ville eg, forviten som eg er.

Prøvene på legekontoret avslørte eit blodtrykk oppunder taklista, og ein lungekapasitet på 40 prosent. Fastlegen var alvorleg bekymra. Hans klare råd var slankeoperasjon.

Urdal legg ein kubbe til i omnen. Det er eitt år og mange knekkebrød sidan han valde livet på legekontoret. For å få operasjon, måtte han først gå ned i vekt på eiga hand. No er han 25 kilo lettare, og klar for operasjonsbenken på Førde sentralsjukehus.

Inst inne er han mest redd for at heile greia skal bli vellukka.

— Då kjem eg til å tenkje: «Fakerten, kvifor gjorde du ikkje dette før, din tosk?»

Skam er ei fantastisk kjensle. Den fyller og smittar alt.

Fedme er ein global epidemi. 1,5 milliardar menneske i verda er overvektige, ifølgje Verdas Helseorganisasjon. Kring halvparten av alle vaksne nordmenn er for tunge, og ein av fem er det vi på godt norsk kallar feite. Men då Fridtjov voks opp på 1950-talet på Årebrot, «ei grend så lita at ho mest ikkje finst», var han den einaste. Han stakk seg ut. Alle såg på han.

— Til og med når folk ikkje let seg merke med det, visste ein at ein vart lagt merke til; det vi sunnfjordingar helst ikkje vil.

— Vart du mobba?

— Du kan skjøne det, sjølv om ein ikkje hadde eit slikt ord den gongen. Eg har alltid vore feit, lat og til dels klønete. Når ein er slik og ser slik ut, kan ein ikkje vente anna. Ungar er det mest brutale ungar kan kome borti, men det var mykje betre å få pryl før, for det vart ikkje rekna som overgrep.

Unge Fridtjov prøvde å fortrengje mangt av det som skjedde og vart sagt, men unormalitet gjer ein grunnleggjande utrygg, seier han. Då søkjer ein mot det trygge og gode. I barndommen var det maten. Måltida, samveret kring bordet, var fristunder.

— Svolten min sit i kjeften. Å tyggje og svelgje er det beste eg veit. Slik har det vore så lenge eg kan hugse. Når det kjem til mat, er eg som ein alkoholikar.

I vaksne år valde Urdal, som uansett ikkje kunne gjere seg usynleg, like godt det motsette. I fire tiår har den omfangsrike kulturkjendisen i fargerike gevantar vore ei markant røyst i Sogn og Fjordane. Som debattant, humorist, kåsør og forfattar. I dag arbeider han som formidlar på Sogn og Fjordane kunstmuseum.

— Vi er no ein gong slik innretta at vi søkjer område der vi kan markere oss positivt. Når ein er som eg, er ein dessutan pent nøydd til å vere blid. Noko anna ville vore fullstendig sosialt uakseptabelt, seier han med eit smell.

Så tek kroppen til å riste og hikste av latter igjen.

I 1963 vart Fridtjov sendt heim frå Barneklinikken med ein streng diett på 900 kaloriar dagleg. Fem månader seinare hadde femteklassingen berre gått ned tre kilo. På etterkontrollen i Bergen fortalde foreldra at guten alltid kjende seg svolten. Han hadde få å leike med etter skuletid, og nærast trøysteåt.

«Det har hendt at han har vært så sulten at han har grått om kvelden», skreiv legen i journalen.

Han formana både guten og foreldra om at alle tre måtte vere innstilte på å gjennomføre dietten. Ågot og Paul Urdal gjorde så godt dei kunne. Men Fridtjov var umetteleg.

Han var eit etterlengta og truleg litt bortskjemt einebarn, seier han. Fridtjov voks opp på eit vestnorsk «trekyrsbruk» i ei veglaus grend. Ågot og Paul var ikkje hans biologiske foreldre. Det eldre, barnlause ekteparet adopterte Fridtjov då han var seks månader. Han skal ha vore tynn og skranten då han kom til gards.

— I feilslegen omsorg kan eg kan ha blitt dytta i for mykje mat, og så vart uvanen etablert. For mykje og for lite skjemmer alt. Då eg lærte å lese, la eg meg til endå ein uskikk. Eg kombinerte to trivelege ting: eg las og eg åt. Det har eg halde fram med.

Urdal har alltid visst at han var adoptert, men aldri kven hans biologiske foreldre er. Arv er ein viktig faktor i utvikling av overvekt, og då Helse Førde-legane ville vite alt om arvelege tilstandar før operasjonen, måtte pasienten svare som sant er.

«Eg veit ikkje».

Kanskje var det alle spørsmåla frå legane, kanskje var det fordi Åsta og Idun, dei vaksne døtrene hans, meinte han burde. Han veit ikkje. Få dagar før operasjonen skreiv han iallfall brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fridtjov Urdal vil vite kven han er.

— Eg har tenkt på det lenge. No gjer eg det.

Å tyggje og svelgje er det beste eg veit

Like før operasjonen vog han 158 kilo, men dei vide sjukehuskleda var store sjølv til han. Helse Førde har lang rutine på fedmekirurgi. I 2001 var sjukehuset først ut med behandlinga i Noreg. Tretten år seinare har kring 680 sjukleg overvektige frå heile landet blitt opererte i Førde.

Bildevisning

       TVI TVI: Dottera Åsta er med far på operasjonsdagen. - Pappa hadde tillit til legane. Støtt og stadig kom nokon bort for å helse på tjukkasen i slåbrok. Eg følte ikkje at det var noko bruk for meg der, sjølv om eg hadde kome heim for å halde i handa, fortel Åsta Urdal.
TVI TVI: Dottera Åsta er med far på operasjonsdagen. - Pappa hadde tillit til legane. Støtt og stadig kom nokon bort for å helse på tjukkasen i slåbrok. Eg følte ikkje at det var noko bruk for meg der, sjølv om eg hadde kome heim for å halde i handa, fortel Åsta Urdal.
Oddleiv Apneseth
Bildevisning

       1814-MOTEN: Før operasjonen må Fridtjov Urdal ta barten barten og midtre del av skjegget. Etterpå ser han ut som ein Eidsvoll-mann, synest han. - Eg tek det som ein del av Grunnlovsjubileet.
1814-MOTEN: Før operasjonen må Fridtjov Urdal ta barten barten og midtre del av skjegget. Etterpå ser han ut som ein Eidsvoll-mann, synest han. - Eg tek det som ein del av Grunnlovsjubileet.
Oddleiv Apneseth
Bildevisning

       LIKE FØR:  Fridtjov Urdal skjemtar på operasjonssalen. Han er ikkje redd, men han har kansellert ein tannlegetime. - Det ville vera bortkasta pengar om eg ikkje vaknar opp att, seier han. Optimistisk nok har han likevel kjøpt tre bind av Norsk polarhistorie.
LIKE FØR: Fridtjov Urdal skjemtar på operasjonssalen. Han er ikkje redd, men han har kansellert ein tannlegetime. - Det ville vera bortkasta pengar om eg ikkje vaknar opp att, seier han. Optimistisk nok har han likevel kjøpt tre bind av Norsk polarhistorie.
Oddleiv Apneseth
Bildevisning

       OVERSTÅTT: Fridtjov Urdal er heilt utmatta etter narkosen, og hugsar ingenting frå sjølve operasjonen.
OVERSTÅTT: Fridtjov Urdal er heilt utmatta etter narkosen, og hugsar ingenting frå sjølve operasjonen.
Oddleiv Apneseth

Kirurgen fjerna nær nitti prosent av magesekken hans. Langsgåande vertikal ventrikkelreseksjon, også kjent som gastric sleeve, er ein relativt ny metode innan fedmekirurgi.

Den andre dagen etter inngrepet måtte Urdal opp å stå. Den tredje gjekk han sin første tur i sjukehuskorridoren. Fjerde dagen reiste han heim. Det einaste han fekk ta til seg dei første vekene, var drikke. Alt etter seks dagar var broka blitt rommare.

Tre veker seinare vog han 46 kilo mindre enn februarnatta då han trudde han skulle døy.

Før åt han som ein hund; for mykje og for fort. No et han som ein fugl, og svært sakte, for å ikkje bli uvel. Litt om litt er det blitt lettare å bevege seg, men matlysta er ikkje operert vekk. Urdal fantaserer om raspeballar og sprøsteikt svor. Sitt livs første trimtur har han enno til gode.

— Eg ser mørkt på å mosjonere. Eg har aldri vore tilhengar av å gå stader der eg ikkje har eit ærend.

Bildevisning

       HOS FASTLEGEN: Fridtjov Urdal minkar. Tre veker etter operasjonen viser vekta 142 kg, og blodtrykket er optimalt. På eitt år har han kvitta seg med nær 50 kg.
HOS FASTLEGEN: Fridtjov Urdal minkar. Tre veker etter operasjonen viser vekta 142 kg, og blodtrykket er optimalt. På eitt år har han kvitta seg med nær 50 kg.
Oddleiv Apneseth

Urdal er tilbake på kontoret ein månad etter operasjonen. Jobben hans er å lokke skuleelevar til kunstutstillingane. Han likar arbeidet sitt.

— Nokre klassar er disiplinerte som eit gardekompani, andre oppfører seg som måseflokkar. Spør nokon kvifor eg er så tjukk, svarar eg at «det er fordi eg et sånne som deg!».

Rask i replikken som før, men noko er forandra. Andletet under dei store, grå krøllane er bleikt og merkbart tynnare. Den sennepsgule vesten, sydd av gardinstoff, heng lausare på kroppen. Urdal tek mindre plass i spegelen, men med 142 kilo er han framleis godt i stand.

Etter mange år i manesjen har publikum danna seg sitt eige bilete av Fridtjov den frodige. I det siste har fleire sagt at dei er redde for at han skal bli ein annan etter operasjonen. «Du får trøyste deg med kjeften min», svarar han då.

Bygda veit alt, men også kva ho skal teie om

Mannen midt på golvet, er i storform. Spissformuleringane kjem tett som hagl. Friskmelde Fridtjov er tilbake i kulturdebatten.

— Om svinet får gullring i trynet, kastar ein likevel perler fånyttes, ropar han, og hyttar med neven.

Visst har han letna, men det er tyngde i kvar staving. Han er intens, snakkar fort, folk rettar seg opp i stolane for å få med seg alt. Kveldens debattema hos Kultureliten, ein møteserie på restauranten Pikant i Førde, er om fylket eigentleg treng Sogn og Fjordane teater.

Nyleg la regionteatret turneen innom Årdal med framsyninga «Norge. Nett no Berre fem betalande møtte opp. Teaterkrangelen var eit faktum.

— Tennsatsen var fem rettferdige i Årdal med betalt billett. Same tal som i Sodoma. Lat eld og svovel regne! messar Urdal og slår knyttneven i bardisken så folk skvett.

Ei god framsyning få ser, seier han, er mykje betre enn ei dårleg framsyning mange ser. Då blir skadeverket større for kvar publikummar.

— Det er som med forsvarsløyvingane. Ein må glede seg for kvar brukte krone det ikkje vart bruk for!

Showfaktoren er høg. Debattkvelden når høgdepunktet, då Fridtjov den frimodige kastar kulturperler på publikum, og ropar «hurra!» så høgt at Kultureliten hoppar på stolane.

Utanfor, i marsmørkret, renn Jølstra stille. Fylkesmannen har enno ikkje gitt han svaret på det store mysteriet.

I 1963 stod eit blottstilt barn framom eit koppel av legar på Haukeland. Ein vårdag over 50 år seinare står Fridtjov Urdal igjen framfor legar og helsepersonell, denne gongen frå Helse Førde. No er det pasienten som fører ordet.

— Eg likar i grunnen ikkje helsepersonell, opnar Urdal, - det kan ha med ei oppleving i barndomen å gjere.

Han fortel om korleis det var å stå liten og avkledd i botnen av eit auditorium, og kjenne på skamma.

— Skam er ei fantastisk kjensle. Den fyller og smittar alt, og spør ikkje om grunn eller skuld.

Urdal er ikkje ute etter å ta igjen. Han nektar å vere offer. Det som i dag ville blitt sett på som eit overgrep, seier han til forsamlinga, vart truleg gjort i beste meining først på 1960-talet. Også vår tid skal studerast med augo til ettertida, minner han om.

Det er tre månader sidan operasjonen. Helse Førde har invitert Urdal for å få han til å fortelje om sine erfaringar som pasient. Urdal må berre beklage. Han ikkje er misnøgd.

— Eg er storfornøgd, seier han tvert om til salen, - for at eg lever i eit samfunn som ser seg råd til å koste ein dyr operasjon på eit menneske, som i over eit halvt hundre år har gjort sitt beste for å grave si grav med tennene.

Ein dag er sikkerheitsbeltet, som alltid har vore for kort, plutseleg langt nok. Urdal er på veg til sjukehuset i Førde for første gong sidan operasjonen. Han skal på kontroll.

Vekta viser 135 kilo, blodtrykket er som på ein tenåring. Gubben er dessutan i ferd med å bli høg og mørk. Han, som alltid har fått opplyst at han er 1,68 cm, er nettopp blitt målt til 1,71 cm.

— Eg må ha retta meg opp, seier Urdal, litt undrande.

Og han er rak i ryggen der han går gjennom sjukehuskorridoren og ut i våren. Den gamle, brune skinnveska i handa svingar att og fram, att og fram, like stolt som eigaren.

Første dag etter pinse ringjer telefonen. Fridtjov Urdal er i andre enden. Stemma er glad, opprømt.

— Pinseunderet skjedde laurdag klokka 12:30, seier han.

— Javel?

— Då fekk eg brev frå Fylkesmannen. No veit eg namna på foreldra mine. Dei er døde, men begge kom frå Sand i Ryfylke. Far min var kystskipper og fartyeigar.

— Kva var det første du gjorde etter å ha lese brevet?

— Jaktinstinktet var vekt. Eg tenkte «kva no?» og kontakta andre med same etternamn på Facebook. Før kvelden kom hadde eg fire halvsystrer. Det blir to heilsystrer til saman. På farssida har dei alltid visst at det var eitt barn til, og dei har prøvd å finne meg i årevis. På morssida ante dei ingenting.

— Var foreldra dine gifte?

— Seinare. Men ikkje med kvarandre.

— Skal du møte den nye slekta?

— Med tid og stunder.

Ein varm julidag i Stavanger ventar to systrer på ein bror dei for kort tid sidan ikkje visste om. Både Aud Frette Johansen (56) og Synnøve Frette Røyrøy (52) fekk sjokk då den første sms-en tikka inn frå ukjend nummer. Mor Solveig fortalde aldri døtrene om den eldre halvbroren.

— Tenk, så tungt det må ha vore for mor å gå til det skrittet å adoptere bort eit barn. Ho må ha lidd, men det var ingen veg tilbake. Kanskje var det derfor ho aldri sa noko, seier Synnøve.

— Trur de at far dykkar visste?

— Eg trur han må ha visst, men det blir uansett berre spekulasjonar, seier Aud.

Systrene har spurt eldre slektningar om dei har visst. Svaret er stort sett det same. «Vi høyrde rykte, men visste ingenting».

Sjokket har lagt seg. Systrene sit på terrassen, spente og forventingsfulle, og lyttar etter lyden av dørklokka. «Today is a good day» står det på t-skjorta til Aud.

Ding dong.

Bildevisning

       KJÆRE HALVBROR. Mor fortalde aldri døtrene at ho hadde fått eit barn utanfor ekteskap. Aud Frette Johansen (til v.) og Synnøve Røyrøy fekk sjokk då Fridtjov Urdal tok kontakt. Her møter systrene den ukjende broren for fyrste gong.
KJÆRE HALVBROR. Mor fortalde aldri døtrene at ho hadde fått eit barn utanfor ekteskap. Aud Frette Johansen (til v.) og Synnøve Røyrøy fekk sjokk då Fridtjov Urdal tok kontakt. Her møter systrene den ukjende broren for fyrste gong.
Oddleiv Apneseth

— Eg veit ikkje om eg tør, seier Aud, men reiser seg i same sekund og skundar seg til døra saman med Synnøve.

Der står den ukjende broren som eit stort smil. Med hatt, kvit skjorte, grøn vest og famnen full av blomar.

— Fridtjov Urdal, seier han og rettar fram handa.

— Endeleg og plutseleg.

Ei etter ei forsvinn systrene inn i armane hans.

Bildevisning

       SLEKTSSAGAEN: Fridtjov Urdal har stor slekt i Rogaland. Rykta gjekk om eit bortadoptert barn, men eldre slektningar seier at dei «visste ingenting».
SLEKTSSAGAEN: Fridtjov Urdal har stor slekt i Rogaland. Rykta gjekk om eit bortadoptert barn, men eldre slektningar seier at dei «visste ingenting».
Oddleiv Apneseth

Svograr, nevøar, nieser. Heile ettermiddagen ramlar nye slektningar inn i stova for å møte det nye familiemedlemmet. Solveig (4), ei av dei yngste, er oppkalla etter oldemor, som smiler frå eit innramma fotografi ved TV-en.

Ho var ei blid og positiv dame, fortel døtrene, og ein berebjelke i revy— og teaterlaget i Sauda. Mor var også ei stor dame. Ho døydde av hjarteinfarkt, berre 65 år gammal.

— Nina, seier Aud til dottera si, - ser du kor lik Fridtjov er på mormor?

På eit tidspunkt må den heimkomne sonen ta ein diskré time-out. Ute på terrassen plantar han begge hender i det kvitmåla rekkverket, ristar på hovudet og smiler for seg sjølv over alt godt som blir han til del denne sommardagen.

— Dette hadde eg ikkje venta, seier han ut i lufta.

Så kjem morbroren hans. I ein pose har 80-åringen heile slektssagaen og svart-kvitt-foto av menneske som for lengst er borte. Namn på tipp-ar og tipp-tipp-ar fyk over terrassebordet. Fridtjov høyrer til ein stor familie. Mora hadde mellom 120 og 130 søskjenbarn.

— Mormor di hadde 16 sysken. Alle gifta seg og fekk barn, forklarar han.

—  Ante du at syster di fekk eit barn utanfor ekteskap då ho var 22 år?

— Nei, nei, nei!

— Men du har fortalt at du høyrde rykte? spør Aud onkelen forsiktig.

— Jo, jo, det er så, men vi snakka ikkje om sånt før. Mor og far visste det nok.

Då seier gjesten på sitt nøkterne, sunnfjordske vis:

— Bygda veit alt, men også kva ho skal teie om.

Eit halvt år etter slankeoperasjonen er Fridtjov den feite blitt Fridtjov den frøkne; den livskraftige og friske. Men soga er ikkje ferdig, sjølv om ei dame nyleg sa at minus 60 kilo må halde.

«Det er nok no», sa ho, men då svarte han: «Det er ikkje nok enno».

Bildevisning

       ETTER: I løpet av halvanna år har Fridtjov Urdal gått ned over 60 kg. Alt er blitt lettare; å puste, å bøye seg, å forflytte seg. Neste mål er å kome under 100 kg.
ETTER: I løpet av halvanna år har Fridtjov Urdal gått ned over 60 kg. Alt er blitt lettare; å puste, å bøye seg, å forflytte seg. Neste mål er å kome under 100 kg.
Oddleiv Apneseth

— Helst vil eg kome under 100-streken, seier han.

Kanskje er det slik med Fridtjov Urdal. Han må bli halv for å bli heil.

widget-list