Wenche (51) brukte lang tid på å forstå kvifor hjartet banka så hardt om natta

Små grep på jobb kan gjera ein stor forskjell for kvinner i overgangsalderen, seier bedriftssjukepleiar Wenche Gravdal.

  • Jarle Aasland (foto)
  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Hennar første møte med overgangsalderen starta med sveitting, både dag og natt. Og sveittetoktene kom ofte på svært lite passande tidspunkt på jobb. Men Gravdal gjorde miner til slett spel, sjølv om ryggen gjerne var klissblaut.

– Plagene åt opp overskotet mitt. Det blei ein vond sirkel, seier Wenche Gravdal.

Ho sov dårleg. Difor blei ho fortare stressa på jobb, noko som gjorde at ho sveitta endå meir. Men Gravdal var fast bestemt på å stå i dette utan å seia eit ord til nokon.

For såpass måtte ho tola.

Noko behandling ville ho slett ikkje ha, for det ville nok berre forskyva plagene.

Om nettene hadde ho press i brystet og tankane herja.

Kva feiler meg?

Er det hjarteinfarkt?

Stiv i ledda var ho også. Kunne det vera leddgikt?

Hud og hår endra seg, for å ikkje snakka om konsentrasjonen.

Ho blei beint ut gløymsk.

Les hele saken med abonnement