Ingen visste kven som hadde lagt brevet i posthyllene på Breistein. Innhaldet var eksplosivt. Over ni sider skulda ein førstelektor ved NLA Høgskolen Bergen to namngitte kollegaer for juks. Han meinte at dei hadde plagiert hans forsking.

Brevet var ikkje meint for andre enn adressaten, som var forskingsleiar ved skulen. Men no hadde nokon kopiert det opp og lagt brevbomba i posthyllene til ei rekkje NLA-tilsette.