Ingrid Sampson (70) skil seg frå partikollegaane i alder, men ikkje i engasjement. Nyleg melde ho seg ut av Høgre og vart aktivist i FI. I det nye partiet finn ho saman med avhopparar frå parti som Raudt og SV i ein felles kamp for å sikre feministane representasjon i bystyret i Bergen etter haustens val.

— Mange tenkjer nok at denne aksjonen har lite med feminisme å gjere. Men for oss er det viktig å sjå alle former for undertrykking samla, fortel Sampson.