Klokka var litt før åtte om morgonen då Erik Skutle la merke til at to personar sperra fortauet framfor han på Flesland. Stortingsmannen hadde eit fly å rekke, og Politisk kvarter på øyret.

Det var 24. februar 2014, vel fem månader sidan valnatta då alt gjekk så bra. Det hadde vore jubel, champagne og folk som var så glade at dei grein. Høgre hadde gjort eit brakval, Erna Solberg skulle bli statsminister, og ungdomskandidaten Erik Skutle var blitt stortingsmann. 23 år gammal hadde han fått plass i Norges mektigaste forsamling, som ein av dei yngste.