Vi er blitt godt varme i trøya når lyden av glade barn når oss gjennom furuskogen. Vi har klive dei rundt 200 høgdemetrane frå bustadfeltet i Vieåsen i Førde. På ein avsats under Litle Viefjellet ligg turmålet, dagsturhytta Gyttakvia, hytta som alle eig, og som ingen eig meir enn andre.

Minst ein gong i veka tek dei turen hit, ungane i Vieåsen barnehage. Ofte får dei selskap av andre førdianarar, pensjonistar, turnusarbeidarar osb. På seks veker har meir enn 3500 turgåarar vore innom dagsturhytta. Konseptet er blitt ein kjempesuksess. I Førde, men også i resten av fjordfylket.