Jondal i mai. To godt vaksne gubbar, stilige møblar og duse fargar. Utsikt over Hardangerfjorden til minst ein million. Ingen av kumpanane har hotellerfaring, men humøret er på topp. Dei synest dei har fått det kjempefint.

– Hotellet må testast grundig, slik at vi veit det verkar før vi opnar det, seier Conrad Hansen. 72-åringen lener seg makeleg bakover i stolen og flirer i skjegget.