Vinteren 2016: Han slepp ikkje taket, kanskje aldri, aldri slepp han taket.

Tankane riv og slit i Ida, ti år etter overfallet i Fredrik Meltzers gate. Ho hadde vore i 14-års-dagen til bestevenninna. Dei hadde mora seg med karaokespelet Sing Star, prata og hatt det kjekt. Berre nokre minutt etter at ho gjekk frå bursdagsfesten dukka han opp.