Flytteprosessens sju fasar

Alle veit at det berre er ein del av sjarmen å ha det kaotisk.

  • Gerd Margrete Tjeldflåt
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over fire år gammel

1: Naiv optimisme

Gratulerer, de har kjøpt bustad. Alt er roseraudt og enkelt. De skal berre male ein vegg. Kanskje to. Det er berre eit par skjønnheitsfeil, det vil gå raskt å fikse.
Det er bra at det er litt å gjere. De vil jo kjenne at de høyrer heime i den nye bustaden, og då er det fint å setje litt personleg preg på ting. Måling er eigentleg kjekt, du ser resultata så raskt. Blir de ikkje ferdig heilt med ein gong, er det ein del av sjarmen. Det skal vere litt kaos i starten. Det høyrer med.

Les også

Nøkternt for nybyrjarar: «Uvêr? Nja, det er ikkje noko å skrive heim om.»

De ivrar etter å kome i gang med innkjøp og innreiing. Drar ein tur på Ikea for å kikke litt.

2: Realisme og første slag i trynet

Ved overtakinga får de for første gong sjå korleis bustaden ser ut tom. Alt er annleis. Dei kvite veggene var ikkje berre kvite. Dei er også gulna og flekkete. Der det før hang bilete og vegghengt tv, er det hol og skruar. Bak seng og skap mangla det visst lister. Måling held ikkje. De må også sparkle, pusse og grunne.

3: Nytt pågangsmot

De skal jo male uansett, og då kan de like gjerne ta eit par vegger ekstra. Det er kjekt å gjere litt sjølv, så ein verkeleg kjenner at ein høyrer heime og alt det der.

Flyttekassane må stå litt rundt omkring, sånn akkurat i starten. Det er jo ein del av sjarmen å bu i litt kaos i starten. Drar ein ny tur til Ikea for å fikse nokre småting.

Les også

Les også: Drit i sommarkroppen. Det er bunadskroppen som er viktig.

De skal snart begynne å male. Må berre finne ut kva farge de skal ha. Tek med 40 ulike fargeprøvar frå malingsbutikken. Ingen passar heilt. Går innom på ny og tek med 20 til. Bestemmer dykk for å tenkje litt på det. Viktig ikkje å forhaste seg.

4: Nytt slag i trynet og byrjande utmatting

Med eitt går det opp for dykk at de har budd i kaos i over to månader, utan å male ein einaste vegg eller pakke ut av kassane. Byrjar å krangle. Seier høgt at no skal de begynne. Drar for å kjøpe maling. Set den i gangen ved sida av flyttekassane.

Vurderer å pusse opp litt grundigare, no når de først er i gang og enno ikkje har flytta heilt inn. Det vil jo bli vanskelegare seinare. Ventar litt med målinga på grunn av dette. Drar ein tur på Ikea.

5: Siste krampetrekning

Bestemmer dykk for å ta inn over dykk realitetane og få folk til å gjere jobben for dykk. Drit i å gjere ting sjølv og å setje personleg preg på ting. Etter mange veker får de til slutt nokre pristilbod. Får bakoversveis. Må revurdere.

Les også

Les også: Det er slitsamt med for mykje finvêr for ein stakkar vestlending

6: Ørtende slag i trynet og fullkomen utmatting

Alt ser svart ut. Eller i alle fall flekkete, fullt i gamle skruehol og rotete. Det finst ingen sjarm i dette.

7: Svigerfar kjem

Pensjonisten sparklar, pussar, grunnar og malar to strøk der det er mest prekært. Fylt av skam og lette blir de einige om at de kan vente litt med resten. Alle veit at det aldri vil skje.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. «Første flytur fra nye Flesland, jeg savner den gamle»

  2. Mellomnavnet skjemmer ingen

  3. Diagnose: Vestlending

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    «Små føtter setter dype spor», sto det på en siste hilsen. Da Monica mistet sønnen, bestemte hun seg.

  2. BT MAGASINET

    – Det er masse tanker og følelser i musikk

  3. BT MAGASINET

    – Provoserende og lite forståelsesfullt

  4. BT MAGASINET

    Da flere ville ha furuen, sa Vilhelm nei. – Noen ganger kan man ikke bare tenke penger.

  5. BT MAGASINET

    Her forsker de på hvordan hjernen til Magnus kan utvikle seg raskere

  6. BT MAGASINET

    – Tanten min som døde i fjor, inspirerer meg til å spille hardingfele

BT anbefaler

Da Liv Monika (16) møtte barnevern og psykologer, lukket hun seg. Men på mobilen lå en historie få voksne fikk høre.

Liv Monika (16) var for frisk for psykiatrien, men for syk for barnevernet. Da hun ble sendt som en kasteball i systemet, ble livet umulig å leve.

LES SAKEN