Tore Gjelsvik og dottera Astrid hadde pakka tursekken, smurd godt med niste og helt kaffi på termosen. Det kunne vore ein heilt vanleg vinterdag i fjellet, slik dei hadde hatt så mange av, men var det ikkje.

Det snødde, og dei sat heilt i ro i termodressar på Engebøfjellet, med vottar og ei tynn lenkje over fanget. Stemninga var god og kaffikannene gjekk på rundgang, denne februardagen i fjor.