Det var ein av dei svartaste dagane i Bergen Høgres historie. Kommunevaldagen, 14. september 2015.

Håpet var sterkt sjølv om målingane hadde vore dårlege. Målingar er målingar. Val er val, sa dei då dei kom til valvaka. Det var pynta til fest. Kanskje ville det ikkje gå så gale?