Trening no for tida

Svømming hos naboen og boksing i hagen. Trening for unge idrettsutøvarar er ikkje som vanleg.

  • Rune Sævig (tekst og foto)
Publisert Publisert

Turn

Det er kanskje ein relativt liten idrett i Norge – men til gjengjeld er den svært populær i OL. Dit har Julie Dicko Erichsen (18) kvalifisert seg, som den første frå Norge på 28 år og den fyrste frå Vestlandet nokosinne.

No slår ho flikkflakk heime i stova på Landås. Inne i det moderne funkishuset, med utsikt over halve Bergen, har ho lagt eit svart teppe i ein krok. Når ho har varma opp musklane, trener ho. Den spenstige kroppen lyer alle signal. Sjølv dei vanskelegaste kunststykka ser enkle ut. Etter at koronautbrotet stengde treningslokala i Turnkassen, trener ho på det svarte teppet i stova og ute i hagen.

Først var det skuffande at årets OL i Tokyo vart utsett. Men no føler ho at for henne er det ein fordel med betre tid til neste års OL. Dessutan vert det like forhold for alle, no som OL er flytta, seier ho.

Julie går framleis på vidaregåande og trener vanlegvis om lag 25 timar i veka. Ho startar dagen med trening, så er det skule, før ny treningsøkt om ettermiddagen. Ho har hyppig kontakt med Anatol Ashurkov, trenaren hennar, på video no når ho trener heime.



Boksing

Christian Brattetveit Morales (19) trener åleine på garasjetaket i Arna. Han beveger seg raskt, fram og tilbake, på betonggolvet, overkroppen svingar seg fjørlett. Med knytta nevar slår han ut i lufta mot ein tenkt motstandar i det stille nabolaget i Seimsheia.

I fjor vart Christian rekruttmeister i Norge, og han boksar for Bergen Sparta. Vanlegvis reiser han inn til Bergen for å trene tre gonger i veka. Før kampar blir det trening kvar dag. No må han trene heime, og i eit vedskjul har han hengt opp ein svart bossekk fylt med genserar og bukser. Ikkje ein heilt fullgod boksesekk, kanskje, men kven kunne tru at det skulle bli heimetrening så lenge, seier faren Ørjan Brattetveit.

Mor til Christian, Lituania, er frå Cuba. Der står boksing sterkt, så det er kanskje ikkje tilfeldig at det vart boksing på han. Når han ikkje driv boksar, jobbar han for tida i kassa på Rema 1000 i Arna.



Fekting

Tomas Geitung (19) festar ein liten ball i eit blått plastsnøre, og heng det opp under taket. Han beveger seg fram og tilbake med kården heva, til han brått kastar seg fram og treffer ballen med spissen. Fekting er ein nobel sport, men det ser lite nobelt ut å trene under eit utbygg i eit byggefelt i Mathopen i småregnet.

Vanlegvis trener Bergen Fekteklubb i Haukelandshallen, men ettersom fekting er rekna som kontaktsport, får dei ikkje trene i lag under koronaen.

Fekte-VM i Salt Lake City skulle ha vore arrangert i april, men vart avlyst. Det var årets hovudmål for Tomas, som har drive med fekting i 14 år. I 2019 tok Tomas Geitung gull i U23-NM og fekk 16.-plass i Senior Europacup.



Vektløfting

Tiril Boge (20) rydda familiens garasje same dag det vart kjent at treningslokala i Bergenshallen vart koronastengde. Ho brukte to dagar på å rydde seg plass.

No står det ein vektløftarbenk på garasjegolvet på Nedre Kirkebirkeland og stablar med vekter.

Det er april, men utanfor lavar snøen ned. Det stoppar ikkje Tiril Boge, som løfter vekter i eit veldig tempo i garasjen. Kven skulle trudd at den vesle kvinna på 53 kilo har nordisk rekord i rykk på 71 kilo og 6.-plass i EM i 2017?

Trenaren Zygmunt Smalcerz, tidlegare olympisk meister frå Polen, har treningsøkter med henne på video, så det går etter forholda bra med treninga. Men ho gler seg til treningslokala opnar igjen.



Stup

Anne Sofie Moe Holm (18) er på stupelandslaget. Trappegangen til dei eldre leilegheitene i Hans Tanks gate er perfekte til spensttrening. Vårsola skin inn, og det smell når Anne Sofie kjem hoppande opp dei gamle trappene gong etter gong. Etter at ADO Arena vart stengt, er det heimetrening og jogging som gjeld.

Anne Sofie bur saman med tre søsken og foreldre, så det er trongt om plassen under koronaen. Mor Astrid Moe Holm er lærar og sit oppteken i videomøte medan Anne Sofie trener på rommet.

Ho sit ved sengeenden på rommet ho deler med systera si og bruker eit gult, elastisk tau for å trene styrke. På bokhylla heng russelua hennar. Der blir den hengande. Russetida vart ganske avlyst i år.



Basket

Reidar Greve (17) står med breie bein og pakkar basketballen på betongdekket utanfor den kvite heimen i Kalfaret. Han kastar ballen i ein loop og treffer korga, gong etter gong.

Reidar er eit av Norges største baskettalent. Han har spelt basket frå han var 10 år. Då han var 12, kom basketstativet opp utanfor huset.

No er det som å gå tilbake i tid.

Til vanleg trenar Reidar i Gimlehallen, men på grunn av pandemien er det heimetrening for alle på Gimle Basket. Gimle Basket var, etter ein litt vanskeleg start, klar for semifinalen i toppserien i år. Reidar trur dei kunne ha gått heilt til topps, etter at dei nyleg slo serieleiaren rett før sesongen vart stoppa.

For tida går Reidar på Amalie Skram vidaregående skole. Håpet er å dra til USA med stipend for å spele basket og studere.



Taekwondo

Anne Linnea Hole (19) har rydda det meste ut av gangen i rekkehuset til familien i Sædalen. Berre eit par bilete heng på veggane. Ho hoppar lett fram og tilbake etter å ha varma opp kroppen.

Brått eksploderer rørslene, og ho sparkar ut i lufta. Trappegangen forandrar seg til ei scene med spark og slag mot ein fiktiv motstandar.

Anne Linnea har drive med ITF taekwondo i elleve år og er medlem av Bergen Taekwondo klubb. I slutten av april skulle ho ha delteke i taekwondo-EM i Bratislava. No trener ho eit par gonger i veka – styrke, kondisjon og teknikk.

Ein positiv ting med mindre trening, er at ho får meir tid til studiane i faget human ernæring. Kanskje blir det legestudium seinare.



Gustav Iden (24) ruslar ned til naboen i det stille bustadområdet på Gaupås. Det er slutten av april og nysnø på fjelltoppane. Etter eit raskt klesskift, stig triatlonutøvaren i verdstoppen opp i bassenget. Der er det 33 behagelege varmegrader.

Gustav festar ei elastisk reim bak på badebuksa, justerer svømmebriller og badehette. Han er klar.

Han må trene alternativt når svømmebassenget er stengt. Snart krålar han taktfast i det blå vatnet, før det pip i klokka. Han har runda ein kilometer. No er det eit par minuttars drikkepause, så er det på’an igjen. Etter om lag ein time er dagens svømmetrening over.

– Då har eg svømt fire kilometer, seier han.

Sjølv om han ikkje har flytta seg ein meter.



Sykling

Audun Gautestad (19) skulle vore ute og sykla saman med ein gjeng frå Bergen Sykkelklubb.

I staden sit han i ei lita bu utanfor huset til familien i Sædalen og trenar fellestrening med dei andre på dataen.

Det blir fort varmt i bua, der han trør i veg. Sykkelen står på rullar, og snart opnar han vindauga for å få inn luft. Utanfor bua står syklane til søstera, faren og han. Det er ein sykkelgal familie, og Audun har drive med sykkelsport i ti år.

Audun Gautestad trenar vanlegvis 21 timar i veka. Målet er å kome på landslaget i 2021. I år skulle han sykla fellesritt frå mars, men no er vårsesongen øydelagt.



Bakgardstrening

I ein bakgard i Solheimslien trenar ein gjeng unge stuparar. Dei ser ut som artistar i ein sirkustrupp, der dei trener på salto, handståande, trampoline og styrkjetrening.

Ein høgtalar pumpar ut musikk. Elitetrenar Espen Bergslien i Bergen Stupeklubb gjev korte tilbakemeldingar til utøvarane, Anne Sofie Moe Holm (18), Eira Tvedt Eidsheim (15), Caroline Sofie Kupka (16) og Isak Børslien (13).

Frå 15. juni kan stuparane trene i bassenget på ADO Arena.

Då blir det lov med opp til 200 personar inne i bassengområdet samtidig, men i tråd med smittereglane.

Men det betyr ikkje at det blir stopp på utetreninga i Solheimslien. Den tar dei med seg vidare.

For utetreninga har vore ein suksess.

Publisert

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    «Jeg tok en kjapp dukkert, så turfølget fikk sine blinkskudd»

  2. BT MAGASINET

    Hele livet har Tor lurt på hva som skjedde med faren. Så ringte Forsvaret.

  3. BT MAGASINET

    Barnevernet nektet. Så fikk stortalentet Clement endelig muligheten.

  4. BT MAGASINET

    – Det morsomste med Billie er å se hvor ellevill av glede hun blir når vi kommer inn døren

  5. BT MAGASINET

    «Føttene ønsker seg opp på kontor­pulten. Etter fem minutter gir jeg etter for kroppens lyster.»

  6. BT MAGASINET

    Trond Ola flyttet på hjemmekontor i Spania. Trenden har bare så vidt startet, tror ekspertene.

  1. Trening
  2. Sport
  3. Svømming
  4. Idrett