EKTE KJÆRLEIK: Sten Uno Rambøl venter på kona på kjøpesenteret Galleriet.
BT Magasinet

Å venta det er å elska

Eg fann kjærleiken på ein benk utanfor kjøpesenteret.

– Ventar du?

Kona var i fint driv no. To handleposar i venstre hand. Tre i høgre. Ektemannen sat omtrent fastspent på benken.

– Om eg ventar? Det er jobben min, det.

Kjærleik, altså. Har du sett han?

Det tok litt tid før eg fekk riktige briller, at kjærleiken er rundt oss, i oss, overalt. Romantiske romanar er fine, dei, men avkledd røyndom, er ikkje det vakrare?

Når du først har sett kjærleiken, ser du knapt anna. Eit slags livsfilter som er av, og ikkje på.

Den tolmodige mannen på ein benk i byen. I undertøysbutikken. I prøverommet. Før synest eg på ein måte synd på han, men slike linser har eg ikkje lenger.

Han ligg der samankrøkt på matta, eller spør om ting som: – Er ikkje den svarte BH-en finare, skal tru?

Akk. Her snakkar me kjærleik, du.

Og det er rundt oss, i oss, overalt.

Paret som held hender heile kinofilmen. To timar og tre minutt. Klamt, nett slik dei likar. Klapset på rumpa frå ungdomskjærasten, tretti år etter. Det vesle nurket i vogga. – Han liknar jo på meg? Halvdelen av senga. Eit søkke. Forma som deg.

Bryllaupsbiletet frå 1963 på veggen. Ho er aleine, men ser han kvar dag. Tungekyss på ein benk ved Bryggen. Ho må ha vore 14, han 15. Eit arr på armen, fordi du gjekk mellom den gongen.

Barten, fordi ho likar den. Sveisen, fordi han likar den.

Eg såg kjærleiken i pappen som hentar. Mammo som ventar. Pappen som fiksar. Mammo som triksar.

Eit blikk, ingen ord. Det var kjærleik då. Det er kjærleik no.

– Heiter du Guro? Er det sant? Verste namnet eg veit, sa ei gammal Guro til ei ung Guro ein gong. Og det var på eit vis kjærleik i det òg.

For når du først har sett kjærleiken, ser du knapt anna.

Lilla lister på huset, fordi kona vil ha det slik. Tre amerikanarar i garasjen, fordi karen vil ha det slik. Dei går saman til legen. Best slik. Saman til døden, naturlegvis.

Eg såg kjærleik på Rema 1000. – Han vil ha laks, sa ho, heilt sidan 1972. Eit ljos i gangen til dottera som er på by’n. Eit ledig sete på bussens beste plass. Ein ny lampe i stova, fordi ho tenkte på deg. Nykokt kaffi, fordi han tenkte på meg. Europa på langs på sykkel. Det er oss, det. Stranda på langs på Mallorca. Det er oss, det.

To veker av, eit heilt liv på.

Dei hadde like sko. Hand i hand frå klassetrinn to.

Broderlege råd til ei på ni. Søsterlege svar til ein på 30.

Eg såg kjærleik på Voss stasjon. Gråsida der. Vangsen her. Jag är kär.

Eg såg retweet. Ein like. #learntoappreciate.

Kjærleiksbobler i hovudet, kjærleiksbobler i blodet. Jentene mine, gutane dine. Dei vart vaksne saman, men skjønar det først no. Dei vert unge saman, men skjønar det ikkje no.

Kjærleik, altså. Det var han, det var ho, det vart me.

Før syns eg synd på desse stakkarane som venta, men så skjønte eg kvifor dei ventar. Fastspent, på ein benk utanfor kjøpesenteret.

– Skal eg ta posane dine, kjære?

widget-list