Foto: Marita Aarekol
Åleinemamma Antje Sandven (36) ønskjer fleire barn, men har ikkje treft rett mann.
Difor kjøper ho seg tid ved å hente ut egg.
Sjølv om ho veit at sjansane er små.

Antje (36) vil ha fleire barn. Med egg på frys har ho betre tid til å leite etter ein barnefar.

  • Målfrid Bordvik
  • Marita Aarekol (foto)
Publisert Publisert

Dagen er komen. Antje Sandven kjenner seg øm og oppblåst, og med god grunn.


I nær to veker har ho gått på hormonmedisin og dagleg stukke seg sjølv med sprøyte.

Hormonkuren har overstimulert eggstokkane. Det er som kraftige menstruasjonssmerter.

Antje Sandven får smertestillande og lokalbedøving før egguttaket byrjar.

Målet med behandlinga er å hente ut modne egg som deretter skal frysast ned. Dette kan vere starten på hennar andre barn.

Berre iført sokkar og ei kort morgonkåpe klatrar ho opp i gynekologstolen. På skjermen ser ho si eiga livmor.

Ho er nervøs, førebudd på at det som skal skje vil gjere vondt. Og er egga store nok?

Med baby og korona har Antje sett dating på vent. Helst vil ho finne ein mann å dele småbarnslivet med.

Antje Sandven har lenge visst at ho ønska seg barn, men kjærastane ho har hatt, har anten ikkje kjent seg klare eller ønska det.

– Det er frustrerande å ikkje finne nokon som ønskjer det same på same tidspunkt som deg sjølv. Du vil jo gjerne bli godt kjend med partnaren din før du set i gang med barn, seier Antje.

Utover i 30-åra innsåg ho at ein del store spørsmål må på bordet tidleg i datinga.

– Det er rett og slett ikkje så mykje tid, seier ho.

I venninnegjengen hadde dei snakka litt flåsete om at dei alltids kunne dra til Danmark om alt skar seg. Sommaren 2019 fekk Antje påvist svært låge verdiar av antimüllerhormon, som tyder at det er få egg att. Frå tidlegare hadde ho berre ein eggstokkleiar etter ein operasjon i tenåra.

Då vart det brått alvor for Antje, då 35 år.

– Det var med litt sjokk eg innsåg at eg ikkje hadde mykje tid dersom eg skulle ha barn. Det var ein skuffelse at eg var hamna i den situasjonen. Og ikkje minst at eg ikkje hadde funne ein partnar og fått barn tidlegare.

Tanken om å få barn blei altoppslukande. Ho kjende seg stressa.

– Det var ei sorg å innsjå at eg måtte gjere det åleine, seier ho.

Etter kvart slo Antje seg til ro med situasjonen. Støtta frå familie, vener og kollegaer betydde mykje: Mange ville dele opplevinga med henne.

I september same år reiste ho til Danmark. Månaden etter var ho gravid. I dag er forretningsutviklaren travel på heimebane med Silas, ein lyslugg på ti månader.

– Silas har ikkje ein far, så den dagen eg ikkje er her meir, så vil han berre ha sitt nettverk av vener og nær familie, seier Antje. Ho tek difor aktiv del i vener og storfamilien sitt liv.

Etter sjølv å ha vakse opp i ein søskenflokk på fire og ein drøss med søskenbarn heime i Hardanger, ønskjer ho søsken også for sonen. Både for å krangle, lære å dele og ta hand om kvarandre.

Men som åleinemor til ein baby, tykkjer ho det er for tidleg å bli gravid igjen. Det kan bli for intenst å vere åleine med to så små. Ho vil helst finne ein mann før ho set eit nytt barn til verda.

– Eg saknar nokon å dele det med.

Men om det ikkje skjer, og helsa og økonomien er bra, vurderer ho på ny å få barn aleine.

Det siste året har ho hatt ein ny dramatisk nedgang i eggreserven. Difor er ho på klinikken i dag.

Gynekolog Arne Schwennicke forsikrar seg om at Antje Sandven har tatt dei smertestillande tablettane.

Deretter fører han ei tynn nål inn i eggstokken via skjeden.

Sandven ligg heilt stille og stirar på skjermen. Ho har sett eggposane sine vekse gjennom tre ultralydkontrollar. Håpet er at så mange egg som mogeleg er modna i dag, men utan å vere så store at dei sprekk.

Sjølve inngrepet tek 10–15 minutt. Sjukepleiar Elisa Amundsen assisterer gynekolog Arne Schwennicke.

Egga blir sogne ut saman med væske og fylt opp i reagensrøyr. Sjukepleiar Elise Amundsen sender røyret gjennom eit hol i veggen inn til embryologen.

Der undersøkjer Shabana Shayed innhaldet i mikroskop og roper tilbake kvar gong ho finn egg i eggposen. Til saman seks rop. Ein av posane var tom, utan egg.

Ho lagrar egga i ein inkubator, som held kroppstemperatur, for siste modning og «kviletid» etter stresset dei no har vore gjennom.

Her må dei ligge i ein time før ho kan «vaske» egga, det vil seie fjerne alle cellene kring. Først då det blir klart kva egg som er modne, og som dermed kan frysast ned for seinare å bli befrukta.

Embryologen leitar etter egg i væska frå eggposane.

For å ha god nytte av å fryse ubefrukta egg, bør kvinner i utgangspunktet ikkje vere over 35 år, ifølgje Helsedirektoratet. Dess eldre kvinna er og dess færre egg som kan frysast ned, desto dårlegare er sjansane for å bli gravid seinare.

– Eg kjøper meg litt tid. Det er eit lodd, men det gir ingen garanti, seier Antje Sandven.

Førre gong blei ho gravid på andre inseminasjonsforsøk i Danmark, utan hormonstimulering.

Men denne gongen skal egget også overleve nedfrysing, opptining, befruktning og deretter dele seg normalt. Ho veit at det er ein lang veg fram.

Gynekolog Schwennicke anslår at ho har kring 40 prosent sjanse for å bli gravid med seks egg på frys.

– Eg veit at eg har dårlege odds, men eg må gjere eit forsøk. Eg vil vite kor eg står. Er det ingen brukbare egg, er det også eit svar. Det blir skuffande, men til å leve med, seier Antje.

Rett etter egguttaket sender Antje snap til søstrene og sine næraste venninner. «Seks egg ute!», skriv ho. Mor Sonja er sjåfør.

På venterommet møter Antje igjen mor, som er sjåfør på reisa mellom Bergen og Haugesund.

– Det var ikkje så vondt som eg hadde trudd, seier Antje. Ho plasserer smertene som to på ein skala frå null til ti.

Begge er letta over at det var egg å hente ut.

– Det er veldig spennande, seier mor Sonja Sandven.

Gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande har stige med cirka tre år dei siste tjue åra. No er snittalderen rundt 30 år.

Og med aukande alder, får fleire problem med å bli gravid.

Ved å fryse ned egg kan kvinner forlenge den fertile alderen. Egga kan seinare tinast opp, bli befrukta og sett inn gjennom prøverøyrsbehandling.

Nedfrysing av egg på ikkje-medisinsk grunnlag, såkalla «sosial frysing», er nytt i Noreg. Dette var ein av endringane i bioteknologilova som trådde i kraft 1. juli i fjor.

– Sidan jul har vi hatt jamleg og aukande pågang, seier gynekolog Arne Schwennicke ved Klinikk Hausken i Haugesund.

28 kvinner har så langt lagra egg i frysetanken her. Fleire har bestilt time til samtale. For nokre held det med ein runde, andre må ha fleire uttak for å få nok egg.

Laboratoriesjef Shabana Sayed med egg-frysetanken som held minus 190 grader.

Også på Fertilitetssenteret i Oslo er pågangen stor. 30 kvinner har så langt egg på frys.

Klinikken har sett ei absolutt aldersgrense på 39 år. Etter det overlever færre egg. Sjansen for befruktning er vesentleg dårlegare.

– Å fryse ned egg er ikkje det same som å ha ein baby i frysen. Det er det viktig å vere klar over, seier overlege Nicholai Holst.

Ved Spiren fertilitetsklinikk i Trondheim har dei fått mellom 10 og 20 førespurnader. Færre enn fem har fryst ned egg.

– Dei aller fleste kjem for seint, seier lege Hildegunn Stoum. Ho viser at eggreservane som regel er for små etter 35 år.

Nokre kjem med urealistiske forventningar.

– Dei tenkjer at eitt egg er det same som eitt barn. Men vi informerer om at ein nok må hente ut egg ganske mange gonger for å ha ein reell sjanse for å få barn seinare. Då vel ein del i staden å gå vidare med assistert befruktning som einsleg.

Antje Sandven på Klinikk Hausken i Blomsterdalen for å ta ultralyd av eggstokkane i forkant av egguttaket. Gynekolog Kirsten Øvergaard Hope måler kvar eggpose på millimeteren.

For Antje var ikkje tanken om å få barn på andre måtar så framand. Ho har sjølv to adoptivsøsken. For henne er det viktig at sonen skal kunne oppsøkje sin biologiske far, dersom han ønskjer det etter fylte 18 år.

– Eg skal ikkje ta det valet for han.

Av og til tenkjer ho at ho er egoistisk som vil ha eit barn til. Kroppen må gjennomgå mykje, både hormon og påkjenninga av ny graviditet. Det tek merksemd vekk frå Silas.

– Veldig mange hadde vore glade for eitt barn og.

Sjansane for å bli gravid minkar allereie frå 30-årsalderen. Sjølv med assistert befruktning er det vanskeleg etter fylte 35 år, seier gynekolog Arne Schwennicke.

– Vi treff for mange som ventar for lenge. Det er synd å sjå kor mange vi lett kunne ha hjelpt om dei hadde kome før.

– Kva er rådet ditt til unge kvinner?

– Mitt råd er å tenkje på korleis dei kan kombinere barn og familie med karriere, framfor å sette karrieren som nummer ein og tenkje at familie ordnar seg etterpå.

Gynekolog Arne Schwennicke på Klinikk Hausken. I ein oppstartsfare utfører dei eggfrysing berre i Haugesund.

I bilen på veg heimover til Rådal får Antje telefonen ho har venta på frå klinikken i Haugesund. Dei har studert egga.

Alle seks er modne nok for eggfrysing. For fire av dei er kvaliteten «svært god», medan to er gjennomsnittleg store.

– Eg er glad og letta. Når eg har brukt pengar, tid og energi, er det godt at turen og prosessen ikkje var forgjeves, seier Antje.

Om eit par år kan det vere Silas får søsken, med eller utan donor. Antje har få egg, men håper dei ho har er «superegg».

Tilbake i leilegheita i Rådal er det veksling mellom hagl og sol ute. Silas har akkurat vakna frå blunden sin på balkongen.

Eit smil skjuler seg bak smokken. Med lubne fingrar strekk han seg etter lastebilen på golvet.

Antje er trøtt etter det kroppen har vore gjennom. Likevel vurderer ho ein ny runde.

– Eg vurderer å gjere det igjen for å få fleire egg. Det er jo den statistikken..., byrjar ho. Ho nemner alle egga som ikkje overlever.

– Eg kjenner på frykta for at dei seks egga eg har, fort kan mislukkast. Då er det surt ikkje å ha litt fleire på bank.

Kanskje blir det ein siste runde for å auke sjansane for barn nummer to.

Publisert

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Da koronasyke lå for døden, ble pårørende sluppet inn bakdøren

  2. BT MAGASINET

    «Nå ringer vi bestemor, hun som bor inne i ipadden, vet du»

  3. BT MAGASINET

    – Kanskje de sier noen pene ord om oss i morgen

  4. BT MAGASINET

    Smitte truer villrein på Hardangervidda – nå må tusenvis av dyr skytes

  5. BT MAGASINET

    Den store elsparke­sykkel­testen: Én klar vinner

  6. BT MAGASINET

    – Vi klarer nesten ikke å vente til vi er sammen igjen

Mest lest

  1. Slik så det ut i Nygårdsparken i morges

  2. Siste nytt om korona

  3. Debatt: – Vil kommunen virkelig legge en motorvei over et drikkevann?

  4. Følg trafikken i vårt direktestudio

  1. Egg
  2. Barn
  3. Helsedirektoratet
  4. Danmark
  5. Haugesund