BT Magasinet

– Eg forstår ikkje at dei berre ser i bakken. Ikkje skal eg kyssa dei, ikkje skal eg ligga med dei eller nokon verdas ting.

Folk i vest: Møt Åshild Ulstrup (85)

– Eg skulle ynskja at eldre menn som går forbi, kunne løfta augo sine og gje eit lite smil. Me damer vil gjerne ha eit smil frå ein gammal mann, og eg forstår ikkje at dei berre ser i bakken. Ikkje skal eg kyssa dei, ikkje skal eg ligga med dei eller nokon verdas ting. Etter at Jan, mannen min, døydde for 12 år sidan, har eg ikkje hatt noko behov for ein ny mann. Det tek for lang tid å bli kjend. Eg har sakna den intime nærleiken, men nokon draum om å ha det med ein annan enn Jan, har eg ikkje. Men spenninga vil eg ha, og derfor vil eg at gamle menn skal kvikna til og smila meir. Me kvinner smiler til kvarandre, det løfter dagen for meg. Mange trur at alt er over når dei vert gamle, men det finaste i livet kan skje når du trur du er ferdig med alt.

widget-list