Når synet sviktar

Korleis skal eg sjå skogen for meir enn tre, når eg knapt kan sjå dei ein gong?

DÅRLEG SYN: Svikt i synet kan føre til ei rekke komplikasjonar i dagleglivet. Foto: Adrian B. Søgnen

  • Ingvild Nave
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel

På ein parktur med ei venninne fekk eg omsider auga opp for kor dårleg eg ser.

Vi gjekk langs eit nydeleg vatn, fuglane kvitra og livet var godt.

«Ah, sjå på dei fine svanene ute på vatnet», sa eg til henne.

Ho lo. Eg skjønte ikkje kvifor nokre svaner var vittig.

«Ingvild. Det der er kvite plastdunkar. Det er boss, ikkje svaner!»

Eg måtte ta grep og kome meg til optikar.

Les også

Kvite kvinner som pushar 30

Ei anna årsak er at eg også er blitt skulda for å vere arrogant. Eg helser eller vinkar ikkje tilbake til folk som forsøkjer å vere hyggelege på gata.

Det er grunnen til at eg skriv dette i avisa.

Eg har nemleg ein beskjed til alle som har opplevd dette: Om eg ikkje seier hei, eller lar vere å vinke, er det berre fordi eg ikkje ser deg. Orsak, orsak, orsak!

Les også

Eg kastar ut ein brannfakkel: Hausten er betre enn sommaren

Nokre gongar skjer det motsette òg. Ein gong på butikken var eg sikker på at eg såg ein kompis. Eg sa «heeeiii!» i overkant entusiastisk.

Då eg kom nær nok, såg han mest ut som eit spørsmålsteikn. Eg blei flau. Det førte til ein kjapp sving på 90 grader rett inn i chipshylla, som viste seg å vere ein blindveg.

Det som er tricky med å helse på folk i butikken, er at du treffer dei igjen gong på gong. Det blir ofte rart når du kryssar vegar for tredje gong. Eg møtte han først igjen i tacohylla, så i grønsakdisken og sjølvsagt i køen på veg ut.

Aldri har ein handletur vore så ubehageleg.

Les også

Når folk seier at noko er «naturleg», blir eg livredd

Det som er litt genetisk urettferdig, er at besta alltid har hatt strålande langsyn. Då ho var i slutten av 80-åra sat vi ved det kjøkenbordet hennar og såg ut vindauget.

Ho pleidde å følgje med på bilane som køyrde forbi på vegen nedanfor, og hadde nyleg fått nyss i at eg hadde litt dårleg syn.

Plutseleg høyrde eg det stoppa å knitre i strikketøyet. Så sa ho «kan du sjå bilen nede på vegen?»

«Nei», svarte eg og myste ut.

«Eg kan», sa ho frekt og strikka vidare i Il tempo gigante-fart.

Då eg skulle få meg ny mobiltelefon, føreslo ho ein Doro, slik ho sjølv hadde. Dei er spesialdesigna for eldre med dårleg syn.

Les også

Alt går i grisen

No har det gått nokre år, og synet er blitt verre.

Det er på tide å få sterkare styrke i brilleglasa. Kanskje skal eg prøve å få meg linser også, sjølv om det ikkje gjekk så bra sist eg forsøkte.

Det er noko frykteleg ubehageleg ved å ta seg sjølv på auga.

Sist sto eg to timar på badet og såg ut som eg hylgrein, fordi eg sveitta frå auga kvar gong eg forsøkte å ta dei på. Eg trur auga mine blei stressa av heile greia.

Til slutt gav eg opp, og gjekk tilbake til brillene.

Eg tek gjerne i mot tips frå alle de der ute som har knekt koden for korleis du får linser inn på auget.

Publisert
  1. God helg!
  2. Briller
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

– Det kommer en dag hvor det skjer en alvorlig ulykke om dette fortsetter

Advarer om ukultur på Haakonsvern.

LES SAKEN

Mest debattert

  1. – Politikarane har krangla nok om Bybanen no. Bygg den.

  2. «Frp slo knockout på Høgre, Venstre og KrF»

  3. Politikarar som ikkje gjer meir enn å jatte med folket er lite verdt

  4. Nå ruller over 100 elektriske busser i Bergen: – En drøm er gått i oppfyllelse