Den gamle mannen og havvinden

Ein 73-åring har kjøpt Noregs einaste flytande havturbin. Med havvind og ein nyutvikla høgspentkabel vil han vinna verda.

PETTER SMART: – Denne tenkjehetta er vanleg i USA, der eg har budd i mange år, seier Bernt Hellesøe. Under hetta hentar oppfinnarhjernen ny energi.

Publisert:

– Du har sett tenkjehetta til Petter Smart?

Oppfinnaren går bort til eit stort, grønt apparat. Testar at det funkar. Set seg i godstolen og køyrer på med radiokortbølgjer. Ein halvtime om dagen skal halda hjernen i toppform.

– Eg prøvde å pensjonera meg for seks år sidan. Det gjekk dårleg. Mest fordi eg har ein hjerne som heile tida jobbar med nye saker, seier Bernt Hellesøe.

73-åringen manglar ikkje saker å tenkja på.

Bedriftseigaren har kjøpt verdas første flytande vindturbin av Equinor. Han skal byggja nytt teknologisenter og ny yrkesskule på Rubbestadneset på Bømlo. Han har dessutan brukt fem millionar kroner på å planleggja heving av Fedje-ubåten. Han meiner både ubåt og kvikksølv kan bergast opp for 460 millionar kroner.

PLANAR: Kontorhusværet i toppetasjen er fylt med illustrasjonar og planteikningar.

I toppetasjen med utsikt over Vågen, presenterer Hellesøe seg som oppfinnar. Han har mengder med patent og nyskapande undervassteknologi å visa til – og internasjonal suksess.

Vi er blitt henta av ei ung dame, berre presentert som oppfinnarens assistent.

Toppetasjen er fylt av både sofa og kontor, konstruksjonsteikningar, kunst, kablar og skulpturar. Her er husvære, jobb og digre plansjar av flytande vindmøller.

Det store no er utviklinga av det Hellesøe håpar skal bli alle høgspentkablars mor.

Frå ein flytande kabelfabrikk på Bømlo skal verdsherredømmet vinnast på transport av høgspent straum under vatn. Alt no produserer Hellesøes verksemd kablar i aluminium på Stord, men dei nye blir ifølgje konstruktøren i ein heilt annan liga.

MOSJON: Arbeid, kunst og mosjon. Eit heilt liv kan levast i øvste høgda i C. Sundts gate i Bergen sentrum.

– Dei skal lagast av norsk aluminium. Etter kvart vil desse kablane også krypa på land. I løpet av eitt og eit halvt år skal vi ha ein ordrereserve på ein og ein halv milliard kroner, spår oppfinnaren.

Får mannen rett, blir det ein ny æra.

Heilt tilbake i 1984 grunnla han verksemda Unitech. Frå Blomsterdalen, Stord, Houston, Singapore og Perth i Australia, har verksemda levert teknologi til bruk under vatn for olje- og gassindustrien.

No er tida inne for grøn omstilling, eller ein ny «corporate identity» på stammespråket Hellesøe brukar om slike saker.

Derfor har han kjøpt verdas første flytande vindturbin. «Unitech Zefyros», kalla opp etter den greske guden for vestavinden, ligg utanfor Karmøy. Derfrå produserer den straum til rundt 400 husstandar.

Gründeren er ikkje eit sekund i tvil. Framtida er flytande vindturbinar.

– Det er no det skjer. Motstanden mot landbasert vindkraft er enorm. Ikkje berre her til lands, men endå meir i Tyskland og Nederland, seier han.

KRAFTKAR: Rhodesian ridgebacken Oliver følgjer nøye med på det meste som skjer i den kombinerte heim- og kontorløysinga.

Tyskarane og nederlendarane kjem til å handla lynraskt. Vindmøllene på landjorda bråkar, forstyrrar utsikta og fører til tonnevis med døde insekt og fuglar.

Kjøpet av vindmølla i havgapet utanfor Karmøy heng nøye saman med det nye patentet. Flyteturbinen er kjøpt for å testa den nye, revolusjonerande kabelen.

– Eitt av hovudproblema med vindkraft offshore har vore å frakta straumen. Desse turbinane er fortøydde til havbotnen. Dei flyttar seg med vind og straum, i ein stor radius. Vanlege kablar av kopar toler ikkje påkjenninga. Dette har vi løyst.

VINDTURBIN: Bernt Hellesøe har kjøpt verdas første flytande vindturbin av Equinor. Mølla er kalla opp etter Zefyros, den greske guden for vestavinden. Foto: Unitech

Mølleeigaren har sett sine beste mekanikarar til å stella fint med den havgåande mølla. Ho skal få dei beste oljer, slik at ho får eit langt og rikt liv. Ifølgje Hellesøe kjem offshoreturbinane til å leva mykje lenger enn slektningane på land. Når dei flyt, blir det mjukare gonge. Det blir mindre vibrasjon og slitasje.

– Dette kan bli ein enorm industri for norskekysten, men det går alt for sakte. Vi har eit vindauge på tre år for å få dette til. Etter den tid vil tyskarane og nederlendarane ha hand om heile industrien. I Nederland planlegg dei no fleire kunstige øyer i Nordsjøen i ei storstilt satsing på vidkraft i havet.

UBÅTARKIVA: Bernt Hellesøes verksemd har levert inn tilbod på heving av Fedje-ubåten, som framleis står ved lag. Ubåtarkivet i C. Sundsgate er på rundt 50.000 sider, men gründeren omtalar sjølve hevingsoperasjonen som relativt ukomplisert.

Faren var mekanikar. Bernt Hellesøe vaks opp på Midttun.

– Der var gardar, skog og elva. Samtidig fekk eg tidleg jobba med mekaniske ting i verkstaden. Eg tenkte tidleg holistisk, seier han.

Han ser bort på den unge kvinna han har presentert som assistenten sin:

– Isabel, kva er holisme på norsk?

Heilskap, totalitet, er svaret hennar. Vi får etter kvart greie på at assistenten jobbar for bestefar.

Sjølv utdanna han seg til maskiningeniør i Bergen før turen gjekk til bilindustrien i Australia. Sidan ein tur heim og arbeid hos Frank Mohn. Så atter utlandet. 40 år i Nederland, Tyskland og USA.

  1. Foto: BTs arkiv

  2. Foto: Walter Buzay

«Christos Bitas» lakk olje i Irskesjøen, ikkje langt Foto: BTs arkiv

Hans mest skjelsetjande oppleving skjedde då han leia redningsarbeidet med «Christos Bitas». Oljetankaren hadde grunnsttøtt i Irskesjøen 12. oktober i 1978, berre 15 kilometer frå land.

– Brått stod eg der i skodda og såg ut over dekket. Ein tredel var alt under vatn. Og det var berre ein ung, dyffelcoat-kledd jævel frå Bergen som trudde det kunne bergast. Eg tenkte straks at her var det 70 prosents sjanse for å lukkast, fortel han over førti å seinare.

Den unge ingeniøren var sjef for Frank Mohns verksemd i Tyskland og Benelux-landa. Det vart ikkje lenger bygd tankskip i Europa.

Han hadde utvikla bergingsarbeid som eit nytt forretningsområde, og Frank Mohn hadde utstyr ståande klart.

– Eg høyrde om forliset på bilradioen på veg til jobb, og ringde straks til toppsjefen i BP, fortel Hellesøe i dag.

Så gjekk alt i rekordfart. Eit firemotors transportfly vart leigd. Sju og eit halvt tonn med utstyr, pumper og aggregat vart lasta og frakta til Cardiff. Så var det helikoptertransport ut i Irskesjøen. Alt utstyret og den unge bergingsmannen vart dumpa på «Christos Bitas» sitt fordekk.

AVVERGA: Tankskipet «Christos Bitas» blei tømd for olje. Slik blei ei naturkatastrofe avverga i 1978. FAKSIMILE: BT 24.10.1978

Han fortel om tre døger der han hadde kommandoen om bord. Alt han bad om av utstyr og ressursar. Enorme mengder adrenalin, og oppfinningar laga etter kvart som behovet melde seg. Aggregat, pumper og tømmer. Eit skip som når som helst kunne bryta i to. Ein dag med stiv kuling, bølgjer inn over dekk og ein vill kamp for å berga utstyret.

– Etter tre døger forstod BP at dette gjekk bra. Då vart toppsjefen sett ned med helikopter saman med pressefolk. Han var også militær og hadde full combatuniform. «I’ll save the UK» sa han inn i kamera, fortel Hellesøe.

Etter sju døger, stort sett med berre tre timar søvn for natta, var skipet tømt for olje. Den unge ingeniøren frå Bergen drog tilbake til kontoret i Rotterdam. Europa var spart for ei oljekatastrofe. «Christos Bistas» hadde med seg om lag like mykje olje som miljøkatastrofen «Exxon Valdez» lakk ut eit tiår seinare.

– Eg skulle sjølvsagt ha nytta høvet mykje betre til å profilera firmaet og meg sjølv. Men eg var ung og beskjeden den gongen. Når eg no googlar hendinga, er ikkje mister Hellesøe nemnt med eit ord, seier den eldre herren.

Frå dei siste åra i USA snakkar han varmt om Nasa, og kor opne dei er med å dela innovasjon og forsking.

Det har vore ein glidande overgang, men dei siste fire åra har oppfinnaren vore tilbake i Bergen etter 20 år i USA.

VINDTURBINAR: Havvind tek opp mykje tid for oppfinnaren. Skissene er mange i leilegheita i toppetasjen over Vågen.

– Eg var glad i Amerika dei første ti åra. Dei siste åra var det stadig meir som skurra, seier han.

Då Vestlandet atter vart basen, var det fordi han kjente at det er her han har røter. Han lengta etter naturen med fjell og fjordar.

Framleis kjem kundane og pengane frå oljeindustrien. Men gründerens tankar er langt inne i ei flytande vindmølleframtid. På bordet ligg bøker og blad. Fleire gamle blåselampar i messing knyter banda til tidlegare tiders teknologi. Bitar av kablar og plansjar av vindturbinar. Oppfinnaren jobbar vidare med Equinor-mølla. Han vil gjera dei lettare, betre og meir effektive med berre to blad og elegant bøygd stamme.

HAST: Noreg må ikkje sova i timen. Vindkraft til havs kjem med eksplosiv fart, meiner gründeren. Han les tysk og nederlandsk, og følgjer tett med på det som skjer der.

I sommar er det likevel kabelrevolusjonen det handlar om for ein eldre herre som slett ikkje har tenkt å kvila på laurbæra. Oppfinnaren har reist sørover til Stord på eigen kjøl. No bur han i båten sin på Leirvik og jobbar lange dagar i ein sommarstille fabrikk på Eldøyane, saman med produksjonssjef Reidar Børtveit og automatikar og vindturbinansvarleg Rune Strandenes.

I enden av lokalet tårnar ein diger oransje konstruksjon. Her lagar Unitech kablar og avanserte røyr for transport av hydraulikk og kjemikaliar under vatn.

Produksjonen skulle eigentleg etablerast i Texas. Men då Hellesøe fekk inn ein stor ordre, satsa han på industrimiljøet på Stord. Børtveit fortel korleis maskinen vart konstruert og bygd på tre månadar og ei veke.

– Bernt byrja med ein diger passar og streka med krit på golvet, seier Børtveit.

Han fortel at den første produksjonen gjekk knirkefritt gode tre månadar etter at dei hadde sett i gang med å konstruera og byggja maskina.

No står det som kan bli neste industrieventyr i Sunnhordland klart midt i lokalet. Karane har sveist opp eit blått stativ. Nokre meter med tjukk kabel er montert opp. Innfestinga av kabelen i begge endar er dekka for å unngå industrispionasje. Massen rundt straumleiarane i superreint aluminium er gjennomsiktig. Karane driv rundt på fabrikkgolvet og ventar på at den skal herda. Snart skal dei senda dei første kraftige, elektriske lyna inn.

– Vi har fjerna absolutt alle kjente problem i dagens høgspentkablar som er laga for bruk på land, og så tilpassa sjøen. Kopar i det eg kallar konvensjonelle steinalderkablar er dessutan eit stort miljøproblem. Her brukar vi rein aluminium, produsert på Karmøy av rein, norsk fossekraft. Desse kablane får superlågt fotavtrykk på miljøet, seier oppfinnaren.

FØRSTE FORSØK: Aluminiumkabelen er spent opp i ein spesiallaga rigg. Her gjer dei seg klare til generalprøve, Reidar Børtveit, Bernt Hellesøe og Rune Strandenes.

Rune Strandenes får æra og trykker på knappen. Sender 6000 volt inn på kabelen. Ingenting skjer. Og det er bra.

Neste steg i prosessen er å ta kabelbiten med opp til eit høgspentlaboratorium på Heiane på Stord og køyra lyn på 170.000 volt gjennom den. Så får kabelbiten ein tur til Sverige for ein kortslutningstest til det smell og gneistane sprutar. Då skal den ha tolt over 400.000 volt.

SPINNEMASKINA: Bernt Hellesøe har konstruert maskina, og her produserer Unitech avanserte saker til oljeindustrien.

Seinare i haust skal gjengen på Eldøyane produsera ein kilometer av same slaget, som ved godt og lagleg vêr skal koplast til Karmøy-vindmølla før jul.

Då reknar industrimannen med å ha brukt mellom tolv og femten millionar kroner på nyutviklinga.

– No byrjar dei store i bransjen ein latterliggjeringsprosess. Slik var det også då eg designa den første steel tube umbilicalen. Då var eg latterleggjort i to år, men produktet vart ein verdssuksess, seier oppfinnaren.

Han har stor tru på flytande vindkraft i havet, og meiner det skal gå fint utan subsidiar så snart volumet blir stort.

– Staten må straks leggja til rette for fire-fem felt der selskap kan søkja konsesjon for femti eller hundre turbinar, seier han.

LETTARE OG BETRE: Oppfinnaren jobbar stadig vidare med flytande vindkraft. Hellesøe ser for seg at ein turbin med to blad og bøygd stamme kan bli lettare og betre enn mølla som Equinor har utvikla.

Han trur prisen for ein stor flytande turbin kan koma under 300 millionar kroner. Då er det enkel matematikk at med hundrevis av møller blir det store summar.

– Dette kan bli større enn olja for verftsindustrien langs kysten, trur Hellesøe.

Han gjer sitt til at havvinden skal setjast i arbeid for det grøne skiftet. Planen er å gjera feltet rundt «Unitech Zefyros» til eit gigantisk testfelt for havvind. Eit konsortium med Shell Energy i spissen skal ifølgje Hellesøe montera ein turbin med heilt ny teknologi der. Google skal også vera interessert i å prøva å laga straum av havvinden. Dei skal gjera det med høgteknologiske dragar. Alle skal føra straumen til lands via Unitechs kabel.

  1. NAVLESTRENG: Ein bit av ein «umbilical» som er eksportert til USA. Oljenæringa brukar slike røyr til hydraulikk og kjemikaliar under vatn.

  2. VIL FLYTTA: Industrimannen seier han vil flytta heile verksemda frå Bergen til Stord. Han har også kjøpt ei stor industritomt sør på øya med djupvasskai.

Ute bakar sola, og industriøya Stord er i feriemodus. Inne i den kjølige industrihallen driv 73-åringen og dei to gode hjelparane ivrig på. Ferie skal oppfinnaren ha i slutten av desember. Nett no er det for mykje som kokar.

Då han stod på terrassen utanfor oppfinnarbula i øvste etasje nokre veker tidlegare, medan måsane låg elegant på vinden og Vågen krusa seg langt der nede, sa den eldre herren:

– Vil du ha ein tittel til artikkelen din?: «Han e’kje som alle andre.»

OVERSIKT: Frå øvste høgda har gründeren og bedriftseigaren full kontroll med trafikken på Vågen.

TRANSPARENT: Straumleiarane av aluminium er støypte inn i polyetylen.

Publisert: