Ein mann i svart, fotsid kjortel ruslar rundt i klosterruinane på Selja. Han har eit drag i andletet som vitnar om indre ro. Roleg, lågmælt, vennleg. Mannen er Fader Damaskinos, for tida ansvarleg for den ortodokse kyrkja som er etablert i Selje. Han er 35 år, frå Sveits. I 2011 hoppa han av doktorgradsstudiar i biologi ved Universitetet i Zürich for å bli munk. Han har framleis eit mål om å fullføre doktorgraden.

Fader Damaskinos kom hit for eitt år sidan av ein enkel grunn: