Han hadde ingen tryllestav, men i kofferten låg ei lupe. Knapt nokon hadde sett maken i landet han var på veg til. På flyet tenkte Hans Bjørn Bakketeig at han skulle vere glad berre han klarte å hjelpe eitt menneske.

13 år seinare har 57-åringen utført tusentals små mirakel i Moldova.