Ein framand går i land. Gjengen som ventar på kaien på Ulvsnesøy, har vore ute ei vinternatt før, men er dei klare for dette? Er dei tøffe nok?

Den første som må til pers, er Georg. Den 24 år gamle fangen på open soning brettar opp kokkebuksene, vassar ut i fjorden og viser yppige Betty ingen nåde. Armen med den tatoverte, lettkledde politibetjenten skyt ned i det kalde vatnet og røskar opp sleipe algetråder.