Du kan ikkje sjå det på han, men for få timar sidan var Kjartan Brügger Bjånesøy så stressa at han hoppa i fjorden.

Å stikka seg fram i heimbygda. Sitja på utstilling midt i fredagshandelen og signera bøker. Bli bokbada på puben etterpå. Tanken gjorde han både skamfull og sjenert, men eit bad hjelper mot alt, er austevollingen blitt innprenta frå han var liten.