Lars Arne Nilsen har måla seg inn i eit hjørne. Han er omslutta av sin eigen suksess. Mannen som nett har utvida avtalen med Brann til ut 2022, høyrest ut som om han ikkje hadde hatt noko imot å få fyken.

For han har så mykje han skal ha gjort. Gå i fjellet, sjå Himalaya, læra folk å ro, fiska hyse og laga verdas beste fiskekaker.