Trolldomsfjellet

Det er eit par ting ein bør koste på seg før ein dør: Lese Thomas Manns mursteinsroman «Trolldomsfjellet» og besøkje den verkelege mursteinskolossen på Harastølen i Luster.

HARASTØLEN: Sanatoriet blei teikna av den bergenske stjernearkitekten Adolph Fischer og sto ferdig i 1902.
  • Jan Nyberg
Publisert: Publisert:

Det er mykje vakkert forfall i Sogn og Fjordane. Det har nok samanheng med det tragiske faktum at fylket aldri har fostra ein kulturpolitikar, berre samferdslepolitikarar som utelukkande tenner på vegar, tunnelar og bruer. Av alt dette vakre forfallet, er kanskje Harastølen det fremste.

Harastølens historie er godt dokumentert i nettdokumentaren «Harastølen» av Charlotte L. Helleland og Ronald E. Hole og gjennom den fine kortfilmen «Sanatoriet» av Therese Jacobsen.

«Mens man i andre land klarer å revitalisere kjærlighetsforholdet til sine gamle praktbygg, har vi i Norge fått en lei tendens til å kaste gamle kjærester på dør», sa riksantikvar Jørn Home i førre veke.

Det er akkurat det Luster kommune og eigaren Tinfos er i ferd med å gjere med Harastølen, som i år står i fare for å bli riven. Det gigantiske palasset med sine 5000 kvadratmeter tronar som ei borg i fjellsida 500 meter over Lustrafjorden. Det er hovudverket til den bergenske stjernearkitekten Adolph Fischer (1844–1925), som i si tid også restaurerte Håkonshallen. I lang tid har eigaren og kommunen prøvd å finne investorar og ny bruk for bygningen, utan å lykkast. No er det gitt rivingsløyve.

SANATORIET: Harastølen var tuberkulosesanatorium fram til midten av 1950-talet. I 1950 var det 150 sengeplassar.

Harastølen vart bygd som eit tuberkulosesanatorium til den svimlande sum av 777.000 kroner i 1902.

NOBELPRISVINNAREN: Thomas Mann (1875–1955) brukte sju år på å skrive «Trolldomsfjellet» som kom ut i 1924.

Thomas Manns roman er lagt til den fiktive staden Berghof i Davos før utbrotet av «Den store krigen», (første verdskrig), men kunne like gjerne vore lagt til Harastølen. Hovudpersonen er ein ung ingeniørstudent som ikkje er spesielt sjuk, men kjem til sanatoriet for å besøkje fetteren sin med ein intensjon om å vere der i tre veker. Dei tre vekene blir til sju år, etter kvart som han får stilt nye diagnosar.

Arkivperle: Thomas Mann – Trolldomsfjellet

Førebiletet for Berghof skal først og fremst vere Waldsanatorium i Davos. I dag heiter det Waldhotel Bellevue, og er som så mange andre kurbad i Alpane ombygd til hotell. Kanskje har dei forstått noko nordmenn ikkje har.

FØREBILETET: Waldsanatorium i Davos var førebiletet til Berghof i Thomas Manns roman. I dag heiter det Waldhotel Bellevue og er eit moderne spahotell.

I nabolandet Austerrike har helsekonsernet Vamed Vitality World pussa opp åtte av dei største kurbada frå byrjinga av førre hundreår og investert milliardar i det som blir rekna som den raskast veksande nisjen innan turismen i desse landa, Gesundheitstourismus. Moderne arkitektur i historiske kulissar har saman med ein veksande helseangst i ein pengesterk marknad, blitt ein vinnarformel for småsamfunn som fryktar at dei ikkje i all evighet kan setje sin lit til snøen. Då er reint vatn og frisk luft meir å stole på.

Sykdom som dannelse – en studie av Thomas Manns roman Trolldomsfjellet

Den internasjonale tenkjetanken Global Wellness Institue trur at europeisk helseturisme dei neste tiåra vil vekse vesentleg meir enn tradisjonell turisme. Underskot på helse og overskot på kapital gjer framtida lys for dei som har finansielle musklar og mot til å satse.

Besserwasser

For fem år sidan kalkulerte ein med at det ville koste 150 millionar å restaurere Harastølen. Det vil koste to-tre millionar å rive.

Til samanlikning vil ein investor som Petter Stordalen bruke ein milliard på det nye flyplasshotellet i København og tilsvarande i Stockholm.

Kanskje på tide å sende han «Trolldomsfjellet» og invitere han og Kjetil Trædal Thorsen i Snøhetta inn på eit glas reint vatn på Harastølen, før det er for seint?

Publisert: