SIGNATURUTSIKT: Dette skal bli den nye «signaturutsikten» til Nordfjordeid. Sagaparken til høgre er nett opna. Det nye naustet til Myklebustskipet (til v.) skal bli eit vitensenter for vikingkulturen i Nordfjord og er planlagt opna i april 2019.
BT Magasinet

Barcelona på bygda

Det skjer ting på bygda for tida, og ambisjonane er gledeleg og kledeleg store.

– No er Eid akkurat slik som Barcelona. Vi har fått strand heilt inn i sentrum og så er Eidsgata og Tverrgata som ein gamleby, sa varaordførar Eli Førde Aarskog då ho for fjorten dagar sidan klypte snora til bygdas nye stoltheit, Sagaparken, midt i Nordfjordeid sentrum. Det var kanskje å ta litt hardt i, men euforien kan ta sjølv ein nordfjording ved gitte høve.

Her skal også Prosjekt Sagastad byggjast, eit 1000 kvadratmeters formidlingssenter for vikingkulturen i Nordfjord. Det moderne «naustet» er teikna av dei lokale arkitektane i Nordplan, som også teikna Operahuset. Ikkje så mange veit at det var nettopp på Nordfjordeid ein fann restane av det største vikingskipet her i landet, Myklebustskipet, i ei av dei mange freda vikinggravene i bygda. Båten var 32 meter lang (Gokstadskipet var 28 og Osebergskipet var 22). Dette skal no byggjast opp att i nøyaktig kopi som ein sjøfarande båt av dei dyktige båtbyggjarane på Bjørkedalen, like ved, i samarbeid med elevar frå den første vikinglina i landet som i år vart etablert på Fjordane Folkehøgskule. Planlagt opning er i april 2019. Prosjektet har eit budsjett på beskjedne 22 millionar. Forventa besøkstal er 90.000 i året.

Timinga er god. Dei nye kultursatsingane skjer samstundes som Vikingtidsmuseet på Bygdøy endeleg ser ut til å vere kome ut av startgropa, etter at danske AART architects omsider vann arkitektkonkurransen med sitt «Naust». Det blir ti gongar så stort og langt meir enn ti gongar så dyrt.

I dag ligg mange av utgravingsfunna frå gravhaugane på Eid og støvar ned på universitetsmuseet i Bergen. Det bør vere i alles interesser at desse blir løfta ut av magasina og formidla på forsvarleg vis gjennom eit moderne vitensenter som Sagastad tar mål av seg til å bli, gjerne i samarbeid både med UiB og Vikingstidsmuseet på Bygdøy.

Det er snart 30 år sidan fotograf Oddleiv Apneseth og eg laga ein større reportasjeserie om forjævliseringa av bygdebyane på Vestlandet. No ser det heldigvis ikkje lenger så mørkt ut. Standstaden på Eid, elvebyen i Førde, fjordstien i Sogndal og ein planlagt sentrumsfortetting i Vik ber bod om at ei ny tid er i emning. Det er godt nytt.

Det nye formidlingssenteret på Eid kan kome vel med når bygda også har opna for bygging av ein seawalk til cruisenæringa. Opnar ein for cruiseturisme, bør ein også ha noko å tilby turistane. Elles kan det gå som så mange andre vestlandsbygder har erfart, at ein berre sit att med eksosen og driten frå båtane og bussane som transporterer dei til meir interessante destinasjonar.

Her er det mange som har mykje å lære – ikkje minst av Barcelona. Ein dose urbanisme på bygda har ingen vondt av. Med eller utan vikingar.

widget-list