Spikke, sage, lime, banke. Manglande snø la ingen dempar på julestemninga. På den årlege juleverkstaden i Odda sentrum var det liv og røre i museumsbygningane i Folgefonngata.

Men ikkje alle laga julegåver. Ved eit kaffibord i ein av dei gamle arbeidarbustadene, sat Halvor Johan Bådsvik og grubla. Eit gammalt dødsfall heimsøkte den tidlegare tekniske direktøren ved Odda Smelteverk.