Nordavinden stryk varleg over Sørfjorden, skydekket sprekk. På hi sida krummar Folgefonna seg, kald og blå. Oppå torvtaket står tvillingane Kristian og Helene (12) og deler ein neve med markjordbær, og inne i huset, som har vore verneverdig i snart hundre år, er det fyr på peisen.

Hardanger-idyllen er nesten påtrengjande.